Seriekopling
Seriekopling er ei kopling av elektriske apparat, straumkjelder eller elektriske komponentar etter kvarandre slik at straumen går gjennom alle utan på noko stad å dele seg i ulike straumbanar. Ved seriekopling av elektriske element blir den negative polen på det første forbunde med den positive på neste, og så vidare, til eit seriekopla batteri med elektromotorisk spenning lik summen av dei elektromotoriske spenningane til elementa. Ved seriekopling av motstandar blir resistansane addert til komponentane, medan ved seriekopling av kondensatorar vil summen av invers-verdiane av kapasitansane for dei einskilde kondensatorane, vere lik den inverse verdien av kapasitansen til heile systemet.
Sjå òg
endreKjelder
endre- seriekobling. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/seriekobling