Ein kondensator er ein elektronisk komponent som lagrar energi i eit elektrisk felt mellom to vanlegvis metalliske «plater» med like stor og ulikt retta ladning. Ein kondensator vert til dømes laga ved å rulle to metallfilmar saman med ein isolator (eit dieletrika) mellom filmane.

Kondesatorar av ulike typar og storleikar.

Fysiske samanhengar endre

Ein kondensator vil hindre likestraum (DC) å passere gjennom seg sidan dei to tilkoplingspunkta til kondensatoren ikkje har galvanisk kontakt. Soleis kan ein kondensator brukast til å fjerna likestraumskomponenten frå eit signal. Om ein kondensator vert utsett for vekselstraum (AC) med høg frekvens, vil ladningen mellom platene i kondensatoren svinge fram og tilbake slik at det ser ut som om kondensatoren oppfører seg som ei kortslutning. Ved å utnytte desse to eigenskapane kan ein bruke ein kondensator til å forme eit elektrisk signal.

Kapasitans endre

Evna til å lagra elektrisitet vert kalla kapasitans. Det er kapasitansen til ein kondensator ein utnyttar i elektroniske kretsar. Denne er gjeven av samanhengen

 , der   er kapasitansen i Farad,   er ladningen mellom platene,   er spenninga (eller potensialforskjellen) mellom platene.

Lagra energi endre

Energien i Joule lagra i ein kondensator er gjeven av denne likninga

 

Bruksområde endre

I signalhandsaming vert kondensatorar nytta til å filtrere elektriske signal. Kondensatorar er som regel mindre og lettare å lage enn spolar og vil difor ofte vere føretrekt komponent for å lage eit analogt filter. Eit lågpassfilter vil til dømes fjerne høge frekvenskomponentar av eit signal, også kalla glatting. Til dømes koplar ein gjerne ein stor kondensator mellom forsyningsspenninga og jord attmed elektroniske krinsar, for å fjerna høgfrekvent støy frå likerane og lagra energi lokalt. Når kondensatorar vert nytta på denne måten, kallar ein dei for avkoplingskondensatorar.

Ulike typar kondensatorar endre

  • Elektrolytt
  • Tantalium
  • Keramisk
  • Polyester

Bakgrunnsstoff endre

  Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.