Bykle gamle kyrkje
59°21′7″N 7°20′40.47″E / 59.35194°N 7.3445750°E
Bykle gamle kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jan-Tore Egge | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Bykle | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Otredal | ||
Sokn | Bykle | ||
Fellesråd | Bykle | ||
Type | Langkyrkje | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1619 | ||
• Endringar | Ca. 1700 (våpenhus), 1803–06, rest. 1938 og 1997 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Renessanse, med evangelistbilete | ||
Døypefont | Ca. 1600 | ||
Altartavle | Bilete frå 1700-talet | ||
Orgel | 4 st., 1989 | ||
Sitjeplassar | 140 | ||
Diverse | Rosemåla kyrkjerom 1826 ved Aslak Ånundson Vasshus og Knut Åvoldsson Byklum | ||
Bykle gamle kyrkje 59°21′07″N 7°20′40″E / 59.35194444°N 7.344575°E | |||
Wikimedia Commons: Bykle gamle kirke |
Bykle gamle kyrkje (stundom kalla berre Bykle kyrkje) er ei langkyrkje i Bykle kommune i Agder fylke.
Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen, og ho var forfallen tidleg på 1600-talet. I 1619 fekk ein løyve til å oppføre ny kyrkje. Våpenhuset er truleg frå omkring 1700, og kyrkja vart omfattande vølt i 1803–06 og fekk galleri i vest og nord. Den berømte rosemålinga i kyrkja er frå 1826 og vart utført av Aslak Ånundson Vasshus og Knut Åvoldsson Byklum. Målinga vart restaurert i 1938 og 1997.
Bykle gamle kyrkje vart avløyst av ei ny kyrkje i 2004.
Litteratur
endre- Div. (1995). Bykle kyrkje 375 år 1620-1995 Jubileumsskrift. Bykle sokneråd. ISBN 82-993662-0-8.
- Storsletten, Ola; Havran, Jiri (2008). Kirker i Norge, bind 5: Etter reformasjonen. 1600-tallet. Oslo: ARFO. s. 194-199. ISBN 978-82-91399-15-7.
- Nenseter, Bjarne (1992). På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 110-111. ISBN 82-7627-003-4.
- Nenseter, Bjarne (tekst); Slettebø, Torvald (bilete). «Bykle kyrkje». Agderkultur. Henta 13. september 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- «Bykle gamle kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Bykle gamle kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren