Settimo Torinese

kommune i Italia

Settimo Torinese er ein by og ein kommune i provinsen Torino i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har i kring 48 000 ibuarar og eit flatemål på 32,4 km². Han ligg 229 meter over havet.

Settimo-tårnet og rådhuset i Settimo Torinese

Kommunen har namnet sitt frå det italienske ordet for 'sjuande', då Settimo ligg sju romerske mil frå provins-hovudstaden Torino. I kommunen er det ei mengd bustadshus bygt av Fiat-konsernet, for å hyse fabrikkarbeidarar.

Settimo-tårnet er restane av eit mellomalder-slott som vart mesta øydelagt på 1500-talet.

Kjelder endre