Fiat er eit merkenamn som høyrer til bilprodusenten Fabbrica Italiana Automobili Torino basert i Torino i Italia. Namnet er eit akronym laga av det italienske namnet: Fabbrica Italiana Automobili Torino. Det stavar også det latinske ordet fiat som tyder 'lat det bli', eit uttrykk for håp og styrke som i fiat lux, 'lat det bli lys'. Verksemda vart starta av Giovanni Agnelli i 1899. Ho omsette for 35,88 milliardar euro i 2010.

Fabbrica Italiana Automobili Torino (FIAT)


SelskapsformDotterselskap til Fiatgruppa
Skipa1899
MorselskapFCA Italy Sjå dette på Wikidata
EigarStellantis Sjå dette på Wikidata
Bransjebilindustri
Produktbil Sjå dette på Wikidata
LandItalia
HovudkontorTorino
GrunnleggjarGiovanni Agnelli
Adm. direktørOlivier François[1]
Omsetnad800 000 000 US-dollar (2012)
Nettstadwww.fiat.no
Fiat Grande Punto - Auto Moto Show Katowice 2006.

Frå slutten av 1960-åra har Fiat kjøpt eller vunne kontroll over ei rekke selskap, mellom anna:

  • Bilprodusentar: Ferrari, Lancia, Alfa Romeo og Maserati.
  • Nyttekjøretøy: OM og Iveco.
  • Landbruksmaskiner: New Holland og det canadiske merket Flexy-Coils.
  • Anleggsmaskiner: produsert av Fiat-Hitachi Construction og New Holland Construction.
  • Bussar: Fiat, Iveco og Irisbus.
  • Flyindustri: fly og relaterte komponentar vert produsert av FiatAvio, som også kontrollerer EVL, som driv med romindustri.
  • Militære køyretøy.
  • Komponentar: den største, italienske komponentprodusenten, Magneti-Marelli er eigd av Fiat og i sin tur eig denne verksemda merke som Carello, Automotive Lighting, Siem, Cofap, Jaeger, Solex, Veglia Borletti, Vitaloni, Automotive Lighting og Weber.
  • Stålverk og metallurgi: Fiat eig Teksid.
  • Forlag, publisering, media: Fiat-gruppa er også eigar av forlag som La Stampa, Itedi og Italiana Edizioni. Gruppen eig også fleire riks- og lokalaviser eller kontrollerer dei gjennom ulike selskap.
  • Finansielle tenester: Eit viktig forsikringsselskap, Toro Assicurazioni, gjev Fiat ei kontrollerande marknadsposisjon.
  • Bygg/anlegg: Ingest Facility og Fiat Engineering arbeider på ei rekke ulike sektorar, og IPI er eit formidlingsselskap som også driv med eigedomsforvaltning og drift.
  • IT: Fiats verksemd på denne sektoren skjer gjennom ICT - Information & Communication Technology, Espin, Global Value, TeleClient, Atlanet.

Fiat eig også skianlegga i Sestrieres (denne byen i Alpene er skapt av Agnelli-familien).

Fiat-modellar Endra

 
En Fiat 500
  • 124
  • 508 Balilla
  • 125
  • 126
  • 127
  • 128
  • 130
  • 132
  • 131
  • 500
  • 600
  • 1100
  • 1400
  • 1300
  • 1500
  • 1900
  • 2000
  • Albea
  • Barchetta
  • Bianchina
  • Brava
  • Bravo
  • Cinquecento
  • Coupé
  • Argenta
  • Croma
  • Dino
  • Doblò
  • Duna (designet i Brasil)
  • Grande Punto
  • Idea
  • Marea
  • Multipla
  • Palio
  • Panda
  • Punto
  • Regata
  • Ritmo/Strada
  • Sedici
  • Seicento
  • Siena
  • Stilo
  • Tempra
  • Tipo
  • Topolino
  • Ulysse
  • Uno
  • X1/9i 1994.

Priser Endra

Fiat har vunne prisen Årets Bil ni gongar:

  • 1967: Fiat 124
  • 1970: Fiat 128
  • 1972: Fiat 127
  • 1984: Fiat Uno
  • 1989: Fiat Tipo
  • 1995: Fiat Punto
  • 1996: Fiat Brava/Bravo
  • 2004: Fiat Panda (Nye)
  • 2007: Fiat 500

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fiat