Opna hovudmenyen
Type 2-seyfert-galaksen Passargalaksen (ESO 97-G13)

Seyfert-galaksar er ein type aktiv galaksekjerne kjenneteikna ved ein stjerneliknande kjerne og emisjonslinjer frå høg-ionisert materiale med stor fart. Typen blei først identifisert av astronomen Carl Keenan Seyfert.

Seyfert-galaksar finst for det meste i tidlege spiralgalaksar (S0, Sa, Sb). Av Seyfert-galaksane finst det to undertypar; type 1 og type 2. Type 1 har spektrum som liknar på kvasarar og emisjonslinjene frå hydrogen (balmerlinjene) er mykje breiare enn andre emisjonslinjer. I spektrum frå type 2 er breidda på emisjonslinjene meir den same. Det er teorisert at type 2 er type 1 som blir sett gjennom gøymande materiale, og målingar av polarisering støttar opp om dette.

Den mest populære modellen for opphavet til Seyfert-galaksar er sentrale svarte hòl.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra