Shabana Rehman Gaarder
norsk komikar og forfattar
(Omdirigert frå Shabana Rehman)
Shabana Rehman Gaarder (fødd 14. juli 1976) er ein norsk-pakistansk standupkomikar og avisspaltist. Ho var kjend som Shabana Rehman til ho i 2008 gifta seg med NRK-journalisten Martin Gaarder.[1]
Shabana Rehman Gaarder | |
![]() | |
Fødd | 14. juli 1976 (44 år) Karachi |
Yrke | skribent |
Shabana Rehman Gaarder på Commons |
Gaarder vart fødd i Karachi i Pakistan i 1976, og kom til Noreg i 1977. Ho voks opp i Oslo, og hadde ei ungdomstid prega av vald og overgrep. Rehman starta som spaltist i VG i 1996, debuterte som stand-up-komikar i 1999 og begynte som spaltist i Dagbladet i 2000.
I 2000 vart ho kjend då ho let Dagbladet trykkje eit nakenbilete av seg, berre påmåla det norske flagget. Endå meir vart ho lagt merke til i 2004, då ho lyfta mulla Krekar på ei scena under eit debattmøte. I 2009 var ho spaltist i Aftenposten.[2]
BibliografiEndra
- 2002: Nå, artikkelsamling
- 2004: Mullaløft, artikkelsamling
- 2009: Blåveis, sjølvbiografi
Prisar og utmerkingarEndra
- 2001: Lions' Tulipanpris
- 2002: Fritt Ord-prisen (delt med Aslam Ahsan)
- 2006: Trykkefrihedsselskabets Trykkefrihedspris (delt med Roy W. Brown)[3]