Shaoyang
Shaoyang (forenkla kinesisk 邵阳, pinyin Shaoyang) er eit byprefektur sør i Hunan-provinsen i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 20 829 km² og eit folketal på i kring 7,24 millionar (2004). Dei talar ein variant av xiang-språket.
Shaoyang har ei 25 00 år gammal historie og er framleis eit viktig handelssenter og transportknutepunkt i Hunan. Ein stor meieriprodusent kontrollerer meir enn 90 millionar dekar med jord, og er ein av dei største produsentane i Sør-Kina av meieri- og kjøtvarer. Shaoyang har eit av dei største skogreservata i Hunan. 42,7 % av arealet er skogdekt, det høgste i provinsen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shaoyang» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2011.