Shattered
Singel av Rolling Stones
frå albumet Some Girls
B-side

«Everything Is Turning to Gold»

Utgjeve 29. november 1978
Innspelt Oktober-desember 1977
Sjanger Rock
Lengd 3:46
Selskap Rolling Stones
Låtskrivar(ar) Mick Jagger, Keith Richards
Produsent The Glimmer Twins
Rolling Stones-kronologi 
«Respectable»
(1978)
Shattered «Emotional Rescue»
(1980)


«Shattered» er ein song av The Rolling Stones på albumet Some Girls frå 1978. Songen er ei betraktning av den amerikanske livsstilen i 1970-åra og livet i New York City, men ein kan òg høyre innverknad frå den engelske punk-rørsla.

Songen vart spelt inn frå oktober til desember 1977 og har tekst av Mick Jagger og eit gitarriff av Keith Richards. Jagger sa i eit intervju med Rolling Stone at han skreiv teksten bak i ein drosje i New York.

«Shattered» vart gjeven ut som singel i USA og gjekk i 1979 til 31. plass på singellista der.

Ei konsertutgåve av songen finst på konsertalbumet Still Life frå 1982. Ei anna utgåve vart spelt under A Bigger Bang Tour og er med på Shine a Light.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre