Shavei Tzion (שָׁבֵי צִיּוֹן, tyder 'Dei attvendte til Sion') er ein moshav shitufi nord i Israel. Han ligg mellom Akko og Nahariya og dekkjr 2000 mål i Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 654.

Shavei Tzion
שָׁבֵי צִיּוֹן
landsby
Bygginga av palisaden i 1938.
Land  Israel
Region Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°58′46.55″N 35°4′55.92″E / 32.9795972°N 35.0822000°E / 32.9795972; 35.0822000
Folketal 1 205 (2019)[1]
Grunnlagd 13. april 1938
 •  Grunnlagd av Tyske immigrantar
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Kart
Shavei Tzion
32°58′47″N 35°04′56″E / 32.979597222222°N 35.0822°E / 32.979597222222; 35.0822
Wikimedia Commons: Shavei Tzion

Landsbyen vart grunnlagd 13. april 1938 som ein del av tårn- og palisade-busetjingane. Grunnleggjarane var immigrantar frå Rexingen i Tyskland, som kom under den femte Aliyah.[2] Shavei Tzion vert rekna som eina v dei vakraste landsbyane i Galilea på grunn av nærleiken til Middelhavet.[3]

Det vart reist eit minnesmerke på stranda i 1999 til minne om 12 døde israelske soldatar i operasjonar i Libanon og eit gammalt skip frå den israelske marinen, Kidon, vart søkkt som ein turistattraksjon.[4][5]

Arkeologi

endre

I 1955 vart det gjort funn av ei gammal kyrkje langs stranda mellom Akko og Tyr, datert til 300-talet. Utgravingane var leia av Moshe Prausnitz og ein fann mellom anna mosaikkgolv og murar.[6][7]

Biletgalleri

endre

Kjelder

endre


Bakgrunnsstoff

endre