Shetland Mainland
Mainland er hovudøya på Shetland i Skottland. På øya ligg Lerwick, einaste burgh eller by på Shetland. Lerwick er knutepunkt for ferje- og flytrafikken på øygruppa.
Mainland | |
---|---|
Frå Lerwick. | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet/Nordsjøen |
Koordinatar | 60°19′N 1°16′W / 60.317°N 1.267°W |
Øygruppe | Shetlandsøyane
|
Areal | 969 km²
|
Høgaste punkt | Ronas Hill (450 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Shetlandsøyane |
Største busetnad | Lerwick (7070 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 17 550 (2001 [1][2]) |
Folketettleik | 18,1 /km² |
Øya er 969 km² og er med det den tredje største øya i Skottland, etter Lewis og Harris og Skye.
Mainland kan grovt delast i fire:
- South Mainland er den delen av øya som ligg sørom Hellister (60° 14′N). Øya er her dels dekt av lyngheier og dels er jordbruksland. I dette området er det gjord fleire viktige arkeologiske funn. Lerwick ligg i South Mainland.
- Central Mainland er den delen av øya som ligg mellom Hellister, Aith og Voe. Her er det jordbruksland og noko skog.
- West Mainland er den delen av øya som ligg vestom Aith (1° 23′ W).
- North Mainland er den delen av øya som ligg nordom Voe. Med til North Mainland høyrer den store halvøya Northmavine, som er knytt til resten av Mainland med det smale eidet Mavis Grind. Denne delen av øya har eit vilt landskap med klipper langs kysten og lyngheier i innlandet. På North Mainland ligg Sullom Voe som med oljeterminalen er er ein viktig arbeidsplass for folk på øya.
Kjelder
endre- ↑ Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
- ↑ Ordnance Survey
- Denne artikkelen byggjer på «Shetland Mainland» henta frå Wikipeida på engelsk 14. mai 2007.