Shiant Isles (skotsk-gælisk Na h-Eileanan Mòra eller Na h-Eileanan Seunta) er ei privateigd øygruppe i the Minch, aust for Harris i Ytre Hebridane i Skottland. Dei ligg 8 km søraust for Lewis.[1]

Plasseringa til Shiant Isles

Geografi og geologi endre

 
Frå Eilean Garbh til Eilean an Taighe (høgre) og Eilean Mhuire i bakgrunnen.
 
Landsat-bilete av Lewis, Harris og delar av Skye, som syner Shiant Isles

Shiant Isles ligg aust for Sound of Shiant. Dei største øyane er Garbh Eilean og Eilean an T(a)ighe, som er knytte saman via eit smalt eid, og Eilean Mhuire.

Øyane er kjende for dolerittsøylene som finst her. Dei liknar på dei ein finn på Staffa,m en er mykje større og omgjeve av høge klipper på over 100 meter.

Geologisk sett er øyane eit framhald av TrotternishhalvøyaSkye. Berggrunnen er vulkansk og 60 millionar år gamle, som er særs ungt for Hebridane. Dolerittsøylene på nordsida av Garbh Eilean er over 100 meter høge og om lag 2 meter på tvers.[2]

Historie endre

 
Garbh Eilean frå Eilean an Taighe

Rundt år 1900 hadde Shiant Isles 8 innbyggjarar.[1] Forfattaren og politikaren Compton MacKenzie eigde øyane frå 1925 til 1937.[1] Seinare tok forfattaren og politikaren Nigel Nicolson over øyane.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins.
  2. «Western Isles Guide Book: Shiant Islands». Henta 2. mars 2010. 

57°53′56″N 6°21′51″W / 57.8990°N 6.3641°W / 57.8990; -6.3641