Shoemaker–Levy 9 (formelt D/1993 F2) var ein komet som braut opp i fleire bitar og kolliderte med Jupiter i juli 1994, den første direkte observasjonen av ein kollisjon mellom himmellekamar i solsystemet.[1] Dette skapte stor mediadekning og kometen vart tett observert av astronomar verda over.

D/1993 F2 (Shoemaker–Levy)
Hubbleteleskopet.
Fragmentar av Shoemaker–Levy 9 (totalt 22), teken 17. mai 1994
Oppdaging
Oppdaga av: Carolyn Shoemaker
Eugene M. Shoemaker
David Levy
Oppdaga dato 24. mars 1993
BaneelementA

Kometen vart oppdaga av astronomane Carolyn og Eugene M. Shoemaker og David Levy. Shoemaker–Levy 9 vart fanga av gravitasjonsfeltet til Jupiter. Det var den første kometen som vart observert i bane kring ein planet, og hadde truleg blitt fanga inn av planeten 20-30 år tidlegare.

Kalkulasjonar synte at kometen vart delt i fleire fragment, 22 i alt, under ei nær passering av Jupiter i juli 1992. På den tida hadde Shoemaker–Levy 9 passert innafor Roche-grensa til Jupiter og tidevasskrefter til planeten reiv kometen sund. Kometen vart seinare observert i fleire fragment, det største 2,4 km i tverrmål. Desse fragmenta kolliderte med den sørlege atmosfæren til Jupiter mellom 16. og 22. juli 1994, med ein snøggleik på kring 60 km/s, eller 216 000 km/h. Nedslaga skapte merke i planeten som var synlege i fleire månader. Det største merket var på storleik med jorda og svara til ein eksplosjon på 10 millionar megatonn TNT.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Shoemaker-Levy 9