Shoreham-by-Sea
Shoreham-by-Sea, i daglegtale berre Shoreham, er ein by i West Sussex i England. Han ligg i, og er administrasjonssenter for, distriktet Adur.
Shoreham-by-Sea | ||
---|---|---|
Shoreham kyrkje | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | West Sussex | |
Distrikt | Adur | |
Grunnlagd | 1000-talet | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
9,8 km² | |
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
19 175 1 956,6 /km² | |
Koordinatar | 50°50′N 0°16′W / 50.833°N 0.267°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BN43 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1273 | |
Den eldste delen av byen, og hamna New Shoreham, vart grunnlagt av normannarane mot slutten av 1000-talet. Den noverande soknekyrkja i New Shoreham, St. Maria de Haura («i hamna») vart bygd innanfor eit tiår etter nedteikninga av Domesday Book (1086). Kyrkja i dag er berre halvparten så stor som den opphavlege, då delar har falle ned. Byen vart planlagt med eit regelmessig gatenett, som i stor grad har overlevt.
Då Brighton, Hove og Worthing byrja å vekse vart grunnlaget lagt for at Shoreham kunne bli ein aktiv hamneby, med aktiv handelstrafikk og fleire skipsverft. Hamna er enno i kommersiell drift. Shorehamfortet vart bygt for å forsvare hamna.
Shoreham Beach, sør for byen, var ein grusbanke som er bygd opp over fleire hundreår av kreftane i havet. Rundt 1900 byrja fleire å ta i bruk ombygde jernbanevogner som sommerhus i nærleiken av Shoreham Beach. Området der desse stod fekk tilnamnet Byngalow Town, og vart i ei kort tid heim for den britiske filmindustrien i den tidlege fasen. Under andre verdskrigen vart grusbanken fjerna av militære årsaker, og det er no anlagt moderne bustadområde der. Ein av dei få bygningane som overlevde utplaninga under krigen var Den gode hyrdes kyrkje, frå 1913.
Shoreham lufthamn, vest for byen, blir driven av byrådet i Brighton and Hove og distriktsrådet i Worthing i fellesskap. Det er planar om å utvide lufthamna, som er den eldste regulerte flyplassen i Storbritannia. Terminalen, i art deco-stil, er lista som ein bygning av historisk interesse.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shoreham-by-Sea» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.