Shuangyashan
Shuangyashan er eit byprefektur aust i provinsen Heilongjiang i Kina. I aust har Shuangyashan ei relativt kort grense mot Russland. Byprefekturet har eit areal på 26 483 km², folketalet vart i 2007 berekna til 1,5 millionar.
Byprefekturet Shuangyashan omfattar fire distrikt (区 qū) og fire fylke (县 xiàn).
Næring
endreShuangyashan har stor produksjon frå kolgruver, og tilverkar også stål, kjemikaliar, tømmer, byggematerialar, tekstilar, elektriske maskinar og matvarer. Produksjonen av stål den høgste i Heilongjiang, av kol den nest høgste.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shuangyashan» frå Wikipedia på bokmål, den 10. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Shuangyashan» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2012.