Sigmaringen
Sigmaringen er ein by og ein kommune søraust i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland. Kommunen omfattar 92,8 km² og har over 18 000 ibuarar. Byen ligg 580 meter over havet, ved foten av Schwabisk Alb. Elva Donau renn gjennom kommunen.
Sigmaringen | |||
by | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Areal | 92,84 km² | ||
Folketal | 18 127 (31. desember 2023) | ||
Sigmaringen 48°05′13″N 9°13′00″E / 48.086944444444°N 9.2166666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Sigmaringen |
Fyrstane av Hohenzollern-Sigmaringen herska frå Hohenzollern-slottet frå 1623 til 1849. Slottet og mange bygningar frå fyrste-tida pregar bybiletet den dag i dag.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sigmaringen» frå Wikipedia på engelsk, den 17. juli 2023.