Sigurd Øysteinsson

Sigurd Øysteinsson (Sigurdr Eysteinsson) med tilnamnet «den mektige» (hinn riki) blir rekna som den første jarlenOrknøyane. Han styrte frå om lag 875 til han døydde, truleg på slutten av 880-åra.

Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Norrøne kjelder endre

Mest opplysningar om Sigurd Øysteinsson finn ein i Orknøyingasoga.[1] Han er òg nemnt i «Soga om Harald Hårfagre».[2] og i den islandske Landnåmaboka[3] (kafli 36).

Familie endre

Orknøyingasoga opplyser at far hans var opplendingejarlen Øystein Ivarsson (Glumra), men det er ikkje sagt noko om kven mor hans var. Bror hans var Ragnvald Øysteinsson Mørejarl. I soga er det nemnt at han hadde sonen Guttorm.

Den første orknøyjarlen endre

Orknøyingasoga fortel at Ragnvald Mørejarl gav begge øyrika, Hjaltland og Orknøyane, til Sigurd bror sin. Soga legg òg til at kong Harald Hårfagre gav Sigurd jarlsnamn, men opplysninga er rekna som lite truverdig sidan det er usikkert om kong Harald i det heile teke hadde nokon råderett over øyriket. Ein reknar som mest truverdig at det var Ragnvald Mørejarl som erobra øyane, eller at han høyrde til ei «sjøkongeætt» som frå før herska over øyriket vest i havet. (sjå: Erobringa av Orknøyane).

Erobringane i Skottland endre

 
Då han døydde, hadde Sigurd jarl teke kontroll over områda nord for elva Ekkjal (river Oykel), dvs Katanes og Sudrland. Pila viser til den sannsynlege lokalisering av gravhaugen «Sigurd's Howe».

Forteljinga om Sigurd jarl i sogene nemner ikkje noko relatert til sjølve Orknøyane, men handlar om erobringane han gjorde i Skottland. I Landnåmaboka[3] (Kafli 36) er det sagt at han, saman med hærkongen Torstein,[Note 1] vann seg Katanes og Sudrland, Ross og «Mærhøve»[4] og meir enn halve Skottland.

Hærferdene skjedde truleg frå slutten av 870-åra og seinare, og det er desse erobringane som låg til grunn for at orknøyjarlane seinare gjorde krav på herredømet over Caithness og Sudrland. Både Sigurd jarl og Torstein Raud miste livet i desse kampane.

I «Krønikene til kongane av Alba»[5] er det nemnt, i tida til kong Donald II (889-900), at «norrøne menn la Pictland aude», og kanskje referer dette seg til erobringane som Sigurd jarl og felagane hans gjorde.

I Orknøyingasoga blir det fortalt at Sigurd jarl bygde ei borg i den sørlege luten av Moray, og han gjorde avtale med skottejarlen Melbrikta Tonn[Note 2] om at dei skulle møtast og bli forlikte. Då dei møttest gjekk det likevel ikkje betre, enn at det kom til eit slag. Sigurd jarl og styrken hans fekk siger, og Sigurd jarl drap Melbrikta.

Som eit sigersteikn, festa Sigurd jarl hovudet til Melbrikta på sal-reimane til hesten sin og gav seg på veg heim. Då vart han rispa på tjukkleggen av ei tann som stod ut av hovudet til Melbrikta. Etter kvart kom det verk i såret, og det vart banen hans.

«Sigurd’s howe» endre

Soga fortel at Sigurd jarl den mektige vart hauglagd på «Ekkjalsbakke». Namnet blir gitt tydinga «bardane av elva Oykel», og må såleis lokaliserast til strendene av River Oykel som renn ut i Dornoch Firth[Note 3]

«The Ba’» endre

«The Ba’» er eit ballspel som blir utført i gatene i Kirkwall, kvart år ved juletider og ved nyttår. Spelet handlar om å sparke ballen «Tusker's head», og skal vere inspirert av ei legende om at hovudet av Melbrikta vart sparka gjennom gatene i raseri, etter at Sigurd jarl døydde.[6]

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane - Sigurd Øysteinsson
(den mektige)
Guttorm Sigurdsson

Kjelder endre

Notar endre

  1. Torstein Raud var son til dublinkongen Olav Kvite og dottersonen til Ketil Flatnev på Sudrøyane (Hebridane).
  2. Melbrikta Tonn (Melbricta tönn), truleg Máel Brigte, ein mormaer (jarl) av Moary, som ikkje er nærare identifisert.
  3. Det er ein teori om at garden Cyder Hall eller «Sidera», nær Dornoch, kan vere avleitt av «Sigurd’s howe», dvs Sigurðarhaugr .

Fotnotar endre

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Snorres kongesoger kapittel 22, Oslo 1996, ISBN 8252141390
  3. 3,0 3,1 Landnåmaboka frå snerpa.is
  4. Mærhøve (Merrhæfi) er mormaer-riket «Moray»
  5. The Chronicle of the Kings of Alba, arkivert frå originalen 15. juni 2014, henta 22. januar 2017 
  6. The origin of the Ba' orkneyjar.com

Bakgrunnsstoff endre