Ragnvald Mørejarl

Ragnvald Mørejarl (Rögnvaldr Mœrajarl), òg kalla Ragnvald Øysteinsson, levde på slutten av 800-talet og døydde truleg omkring 892. Snorre opplyser at han var ein av hovdingane som var knytt til Harald Hårfagre, men han er mest kjend som stamfaren til orknøyjarlane og som far til Gange-Rolv, i norrøn tradisjon identifisert med Rollo hertug av Normandie.

Ragnvald Mørejarl
Statsborgarskap Noreg
Fødd ca. 840
Død

ca. 900

Far Eystein Glumra
Mor Ascrida Ragnvaldsdottir
Ektefelle Hild Rolvsdotter

Opphav og familie endre

I Orknøyingasoga[1] kap.3, er det opplyst at far til Ragnvald var Øystein Glumra[2] og han blir kalla «Ragnvald den mektige og den rådkloke» (hinn ríki eða hinn ráðsvinni). [Note 1]. Kven mor hans var, er ikkje nemnt. Ragnvald jarl var gift med Hild, i Orknøyingasoga[1] kap.4, er ho kalla Ragnhild, dotter til Rolv Nevja, og sogene nemner at han fekk to søner med henne: Rolv og Tore. I sogene er det òg nemnt at han hadde desse frillesønene: Rollaug, Hallad (eller Haddad), Ivar og Einar.

Ragnvald hadde òg ein bror, Sigurd Øysteinsson, som er nemnt i sogene.

Det er ingen stad i sogene sagt noko om kvar helst Ragnvald Mørejarl budde. Namnet tilseier sjølvsagt at han må ha budd på Møre og det er blitt gissa på at heimstaden hans kan ha vore på Giske eller Godøy.

Om Ragnvald i sogene endre

Ragnvald er omtala i fleire av dei norrøne sogene, mest i Orknøyingasoga og soga om Harald Hårfagre. Første gongen vi høyrer om han, er sumaren etter slaget ved Solskjel[3] (kap.10), då han vart mannen til kong Harald Hårfagre og vart sett til å styre Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre (omkring år 863). Han hjelpte deretter kong Harald med erobringane på Vestlandet; det er nemnt at han vann over og drap kong Vemund i Naustdal. Noko seinare var kong Harald på hærferd «vestanfor havet», der han mellom anna skal ha erobra Orknøyane. På denne hærferda fall Ivar, sonen til Ragnvald, og kong Harald skal då ha gitt Orknøyane og Hjaltland i sonebot til Ragnvald jarl. Ragnvald jarl gav då øyane til Sigurd, bror sin, og kong Harald gjorde Sigurd til jarl, som dermed skal ha blitt den første orknøyjarlen.

Ikkje lenge etter var Sigurd jarl på herjing i Skottland, og der døydde han[Note 2]. Sonen hans, Guttorm, vart jarl, men han òg døydde etter berre kort tid. Ragnvald jarl sette då sonen sin, Hallad (eller Haddad) til jarl over øyane, men han rådde ikkje med vikingane som herja på øyane og kom heim nokså snøgt. Ragnvald tyktes då å ha vore i beit for kven han skulle sende for å ta over jarledømet, heilt til yngstesonen, Einar, baud seg til. Einar var trælboren, stygg å sjå til og lite omtykt. Faren tok då imot tilbodet med desse orda: «… di før du fær, og di seinare du kjem att, di betre tykte eg det var». Om dette er det nemnt i den islandske landnåmaboka[4] kafli 82. Einar fekk skip av faren og om hausten segla han vest over havet. Han vann herredømet over øyane og vart den nye orknøyjarlen, oftast kalla Torv-Einar, og han vart ein mektig mann.

Snorre skreiv at Ragnvald var den «kjæraste venen til kong Harald», og det blir fortalt at det var Ragnvald som skar håret til kongen og gav han namnet «Hårfagre». Men Ragnvald Mørejarl fekk ein vond lagnad. To av sønene til kong Harald, Halvdan Hålegg og Gudrød Ljome samla til seg mykje folk og kom uventa på Ragnvald, kringsette huset hans og brende han inne med seksti mann. Kong Harald likte ille denne framferda og fòr med ei stor hær for å straffe ugjerninga. Han sette sonen til Ragnvald, Tore Teiande, til ny mørejarl og han gav Tore dotter si, Ålov Årbot, til kone. Truleg hende dette omkring år 892.

Sogene som historiske kjelder endre

Det er ikkje tvil om at Ragnvald, jarl på Møre, var ein historisk person, men mykje av det sogene fortel om han er ikkje truverdig og vitnar om at sogeforfattarane gjerne ville stille Harald Hårfagre og hans «samlingsverk» i eit mest mogeleg positivt lys.

Ragnvald blir kalla «jarl» eller «mørejarl», men det er ingen stad sagt at det var kong Harald som gav han jarlenamnet. Truleg høyrde Ragnvald til ei hovdingætt som kalla seg jarlar, lenge før Harald Hårfagre vart konge[5], til liks med ladejarlane i Trondheimen. Opplysingane om at Ragnvald samarbeidde med kong Harald kan til ein viss grad vere sanne, men tilhøvet mellom dei var knappast så varmt som sogene vil ha det til. Som vi har høyrt, fall Ivar Ragnvaldsson medan han var på ei hærtokt saman med kong Harald, men forteljinga om «sonebota» er ikkje til truande (så nedanfor). Kong Harald gjorde Gange-Rolv fredlaus i Noreg, noko som går fram av eit kvad[6] som Hild (Ragnhild), mor hans, bar fram for kong Harald, der ho bad om fred for sonen sin.

Det er òg rekna som historisk truverdig at sønene til kong Harald drap Ragnvald, og ein kan lett tru at kongen sjølv stod bak ugjerninga, kanskje for å kvitte seg med ein hovding som var blitt for mektig. Torv-Einar på Orknøyane tok hemn for drapet på faren, då han litt etter drap Halvdan Hålegg på Rinnansøy[Note 3], og han gjorde dette diktet[7] om hendinga:

Rekit hefk Rǫgnvalds dauða
— rétt skiptu því nornir —
— nús folkstuðill fallinn —
at fjórðungi mínum.
Eg fekk hemn for Ragnvalds død
for fjerdeparten som fell på meg
no er krigaren fallen
slik nornene det styrte med rette.

Kong Harald låg etter dette i strid med Torv-Einar, og kravde mellom anna ei bot på 60 merker for tapet av sonen, men han fekk aldri herredømet over Orknøyane.

Erobringa av Orknøyane endre

I soga om Harald Hårfagre[3] (kap.22) og i Orknøyingasoga[1] (kap.4) er der ei skildring av kong Harald si hæferd «vest om havet», om korleis han etablerte jarleriket på Orknøyane og gav det til Ragnvald Mørejarl i sonebot. Skildringane er lite truverdige og etter det ein kan lese frå andre kjelder, var det truleg Ragnvald sjølv som erobra Orknøyane og sette slektningane sine til jarlar der.

I dei fragmentariske annalane om Irland[8] er Harald Hårfagre ikkje nemnt, men derimot norske vikingferder lenge før hans tid. For året 867[9] er det nemnt at Ragnall, son til Albdan, «konge av Noreg» erobra Orknøyane saman med dei tre sønene sine. Dersom Ragnall kan identifiserast med Ragnvald Mørejarl, kan det tyde på at det var han som sjølvstendig grunnla jarledømet. Denne slutninga blir òg støtta av det latinske sogeveket Historia Norvegiae[10], truleg skreve omkring 1170. Der blir øyane kalla Orcades, og det blir nemnt at «I dagane til Harald Hårfagre, Noregs-kongen, siglde nokre vikingar av ætta til Ragnvald den Sterke over Sulendhavet[11]» og la øyane under seg.

Det er ei hypotese at Ragnvald Mørejarl, som ættling i ei «sjøkongeætt» (sjå note) i røynda var arvingen til eit etablert, sjølvstendig sjørike på Orknøyane. Kanskje var ikkje Sigurd jarl den mektige den første orknøyjarlen, men rett og slett berre den første som sogeskrivarane på 1200-talet hadde kunnskap om.

Etterkomarar endre

  • Rolv Ragnvaldsson (truleg fødd omkring 860, død 932) vart kalla Gange-Rolv og i følgje norsk og islandsk tradisjon identisk med den historiske Rollo av Normandie og dermed skal han ha vore tipptippoldefar til Wilhelm Erobraren. Teorien er omdiskutert.
  • Tore Teiande Ragnvaldsson (truleg fødd ca. 862, død før 935) vart den nye mørejarlen etter at faren døydde omkring 892. Dotter hans var Bergliot, som vart gift med ladejarlen Sigurd Håkonsson. Tore Teiande vart dermed morfar til Håkon jarl den mektige.
  • Einar Ragnvaldsson blir rekna som grunnleggaren av jarleriket på Orknøyane, oftast kalla Torv-Einar. Alle dei seinare norskætta orknøyjarlane ættar frå han.
  • Rollaug Ragnvaldsson reiste til Island og vart ein stor hovding der. Det er nemnt om han i landnåmaboka[4] (kafli 83).

Ragnvald må ha vore ein av dei mektigaste hovdingane i Noreg då han levde, men sogene gir om lag ingen opplysingar om kvar han og forfedrane hans kom frå. Ætterekka (sjå note) gir eit hint om at han kom får ei «sjøkonge-ætt», det vil seie kongar utan land, som reiste ut i viking og røva til seg rikdom. Tore Teiande Ragnvaldsson er den andre, og den siste mørejarlen vi kjenner til. Om den vidare lagnaden til mørejarlsætta i Noreg, teier sogene.

Notar endre

  1. Ætterekka i Orknøyingasoga fører slekta til Ragnvald attende til den mytiske «sjøkongen» Gor: «Heite, son åt Gor, var far til Sveide sjøkonge, far åt Halvdan den Gamle, far åt Ivar Opplendingejarl, far åt Øystein Glumra»
  2. Sigurd orknøyjarl drap den skotske jarlen Melbrigde Tann (Máel Brigte). Han batt hovudet til salreima si men fekk sår på tjukkleggen av ei tann som stakk ut, slik at foten trutna og det vart banen hans.
  3. Rinnansøy: North Ronaldsay, ei av dei nordlegaste øyane på Orknøyane.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Glumr tyder: larm, ståk. I namnesamlinga Nafnaþulur er Glumra eit namn på ei trollkvinne.
  3. 3,0 3,1 Soga om Harald Hårfagre frå heimskringla.no
  4. 4,0 4,1 Landnåmaboka frå snerpa.is
  5. Harald Hårfagre : hans ætt, historie og kongedømme av Gustav Heber, Oslo 1934 – (s.124 - om jarletittelen)
  6. Lausavise Arkivert 2016-08-22 ved Wayback Machine. av Hildr Hrólfsdóttir Nefju (Skaldic Project)
  7. Lausavise Arkivert 2016-08-22 ved Wayback Machine. av Torv-Einar (Skaldic Project)
  8. Fragmentary Annals of Ireland CELT University College Cork
  9. Fragmentary Annals of Ireland Annal FA330
  10. Historia Norvegiae Den eldste Noregs-historia Omsett av Halvdan Koht (Oslo 1921)
  11. Sulendhavet (Sólundarhaf): Havet vestan for Solund-øyane utanfor Sogn, dvs. havet mellom Noreg og øyane nord for Skottland.


Bakgrunnsstoff endre