Sigurd Førsund
norsk komponist
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (20. september 1884–26. november 1970) var ein norsk lærar, diktar, lokalhistorikar, slektsgranskar, bygdebokforfattar, klokkar, organist og komponist. Han komponerte mellom anna melodien til songen «Å Vestland, Vestland».
Sigurd Førsund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. september 1884 |
Død |
26. november 1970 (86 år) |
Yrke | komponist |
Sigurd Førsund var fødd på Førsund i Kyrkjebø i Sogn og Fjordane. Han døydde i Arna i Hordaland.