Kyrkjebø
Kyrkjebø er ein tettstad i Høyanger kommune i Vestland fylke, og eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Tettstaden har 236 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg omtrent midt mellom Vadheim og Høyanger sentrum, på nordsida av Sognefjorden. Austreim ligg like austom Kyrkjebø.
Kyrkjebø | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Høyanger | ||
Areal | 0,29 km² | ||
Folketal | 236 (2022) | ||
Folketettleik | 814 / km² | ||
Postnummer | 6995 KYRKJEBØ | ||
![]() Kyrkjebø |
På Kyrkjebø ligg Kyrkjebø kyrkje og barneskulen Kyrkjebø skule.
Frå 1858 til 1964 var Kyrkjebø òg ein kommune, fyrst med namnet Klævold kommune og frå 1890 Kyrkjebø kommune. I 1964 gjekk han inn i den nye Høyanger kommune.
Kyrkjebø sokn endre
Kyrkjebø er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Soknet vart overført til Lavik frå Vik prestegjeld i 1809, ved opprettinga av Lavik prestegjeld.[1] Soknet har ei kyrkje, Kyrkjebø kyrkje frå 1869, og i tillegg høyrer Vadheim bedehuskapell til soknet. Fram til 1997 høyrde òg Bjordal kyrkje og Ortnevik kyrkje til soknet, men dei har sidan høyrd til Bjordal og Ortnevik sokn.
Sjå òg endre
Kjelder endre
Fotnotar endre
Bakgrunnsstoff endre
- Eldre fotografi frå Kyrkjebø på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Om Kyrkjebø sokn på nettstaden til Den norske kyrkjaDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.