Simen Staalnacke (fødd Simen Aleksander Stålnacke1976) er ein norsk gründer og designar frå Stryn. Han starta motehuset Moods of Norway i 2005 saman med Peder Børresen, og har hatt suksess i både Noreg og utlandet.

Simen Staalnacke
Fødd 15. februar 1976
Stryn
Yrke entreprenør, moteskaper

Staalnacke har Bachelor of Marketing Management frå Hawaiian Pacific University i USA.

I 2009 sat han i dommarpanelet i TV-serien Skaparen, og deltok i Zebra Grand Prix på lag med Kathrine Sørland.

Staalnacke er busett i Oslo.