For kommunen med same namn, sjå Stryn kommune.


Stryn er kommunesenteret i Stryn kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 2 662 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på nordsida ved inste delen av fjorden Nordfjord, ved utlaupet til Stryneelva. Sentrum i tettstaden heiter Tonning. På Tonning ligg mellom anna kommuneadministrasjonen, barneskulen Tonning skule, idrettsplass og Tonning møbelfabrikk.

Stryn
tettstad
Stryn
Foto: Sindre Jacobsen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Stryn
Areal 2,01 km²
Folketal 2 662  (2023)
Folketettleik 1 324 / km²
Postnummer 6783 STRYN
Innbyggjarnamn stryning
Preposisjon i Stryn
Kart
Stryn
61°54′09″N 6°43′04″E / 61.9025°N 6.71778°E / 61.9025; 6.71778
Wikimedia Commons: Stryn (village)

Riksveg 15 og Fylkesveg 60 (tidlegare Riksveg 60) møtest i Stryn, og det er ekspressbussamband til Oslo, Trondheim, Bergen og Ålesund.

Folketalsutvikling

endre
Folketalsutvikling i Stryn
År Innbyggjarar
1960
  
860
1970
  
1 046
1980
  
1 430
1990
  
1 689
2000
  
1 843
2009
  
2 177
2012
  
2 240
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Bakgrunnsstoff

endre