Simmentalfe, i nokre land kalla Fleckvieh, er ein allsidig storferase, som stammar frå dalen Simme i Berner Oberland i det vestlege Sveits. Rasen kan sporast attende til mellomalderen. Ferasen er med omkring 41 millionar dyr i dag den 3.-4. mest utbreidde storferasen i verda.

Tradisjonell simmentalku i den sveitsiske delen av Alpane (Engstligenalp).
Reinrasa simmentalokse i Nord-Amerika.
Nordamerikansk reinrasa simmentalku.
En sveitsisk simmental entrecôte.

Simmentalfe har historisk sett vore brukt som mjølkekyr og kjøttfe. Dyra er verdsette grunna den raske veksten, 1,2 kg dagleg (opp til 2 kg dagleg) når dei er tilstrekkeleg fôra. Simmentalkyr produserer mykje mjølk.[1]

Kjelder endre

  1. Study conducted by S.P. Miller and J.W. Wilton for the Centre for Genetic Improvement of Livestsock at the University of Guelph.

Bakgrunnsstoff endre