Simon Ammann
Simon Ammann (fødd 25. juni 1981) i Grabs er ein sveitsisk skihoppar. Han representerer skiklubben RG Churfirsten, og nyttar ski frå Fischer. Ammann er den mestvinnande skihopparen i olympiske leikar med fire individuelle gullmedaljar, to i 2002 og to i 2004. Han vart verdsmeister i storbakken i 2007 og i skiflyging i 2010. I 2009/10-sesongen vann han verdscupen i skihopping.
Simon Ammann | |
![]() | |
Fødd | 25. juni 1981 (39 år) Grabs |
Yrke | skihoppar, alpinist |
Simon Ammann på Commons |
AktivEndra
Ammann debuterte i verdscupen som 16-åring i sesongen 1997/98. Han kvalifiserte seg til OL 1998 i Nagano, men hevda seg ikkje. Han kom sterkt tilbake i 2002, der han vann begge dei individuelle OL-renna. Heile åtte år etter, under Vancouver 2010, gjentok Ammann bragda og vann renna i begge hoppbakkane. Same sesongen vart han også verdsmeister i skiflyging.
MerittarEndra
Olympiske vinterleikar
- Gull i stor bakke under Vinter-OL 2002
- Gull i normalbakke under Vinter-OL 2002
- Gull i normalbakke under Vinter-OL 2010
- Gull i storbakke under Vinter-OL 2010
Ski-VM
- Gull i stor bakke under Ski-VM 2007
- Sølv i normalbakke under Ski-VM 2007
- Bronse i normalbakke under Ski-VM 2009
- Bronse i normalbakke under Ski-VM 2011
Verdscupen
- Vinnar av verdscupen 2009/10
- 20 rennsigrar. I alt har han 68 gongar stått på sigerspallen (20-27-21)
I 2007 vart Simon Ammann tildelt Holmenkollmedaljen.
KjelderEndra
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)