Opna hovudmenyen
Holmenkollen ski jump.jpg

Holmenkollmedaljen vert rekna som den høgste utmerkinga innan norsk skisport.

Ifylgje vedtektene kan medaljen delast ut til skiløparar som i fleire år har oppnådd framifrå resultat i ein eller fleire greiner. Det skal i fyrste rekke takast omsyn til resultat som er oppnådde i dei årlege renna i Holmenkollen.

Vinnarar gjennom tideneEndra

År Namn Klubb/land Idrett
1895   Viktor Thorn Skiklubben Odd, Oslo Kombinert
1897   Asbjørn Nilssen Skiklubben Odd, Oslo Kombinert
1899   Paul Braaten Eidsvold Værks Skiklub Langrenn og kombinert
1899   Robert Pehrson Skiklubben Odd, Oslo Kombinert
1901   Aksel Refstad Oslo Østre Skytterlags Skiklubb Kombinert
1903   Karl Hovelsen Bærums Skiklub Skihopp og kombinert
1904   Harald Smith Skiklubben Verdande, Oslo Kombinert
1905   Jonas Holmen Bærums Skiklub Langrenn og kombinert
1907   Per Bakken Trysil Idrætsforening Kombinert
1908   Einar Kristiansen Bærums Skiklub Kombinert
1909   Thorvald Hansen Start, Oslo Kombinert
1910   Lauritz Bergendahl Sørkedalens IF Kombinert
1911   Knut Holst Ski- og Ballklubben Eiker Kombinert
1911   Otto Tangen IF Liv, Hønefoss Kombinert
1912   Olav Bjaaland Morgedals IL Kombinert
1914   Johan Kristoffersen Sørkedalens IF Kombinert
1915   Sverre Østbye Ski- og fotballklubben Lyn Kombinert
1916   Lars Høgvold Lillehammer Skiklub Kombinert
1918   Jørgen Hansen Nydalens Skiklub Kombinert
1918   Hans Horn Skuld, Oslo Kombinert
1919   Otto Aasen Rjukan IL Kombinert
1919   Thorleif Haug Drafn, Drammen Kombinert
1923   Thoralf Strømstad Fossum IF Kombinert
1924   Harald Økern Bærums Skiklub Kombinert
1924   Johan Grøttumsbråten IL i BUL Langrenn og kombinert
1925   Einar Landvik Rjukan IL Langrenn og kombinert
1926   Jacob Tullin Thams Ready Skihopp
1927   Hagbart Haakonsen IL i BUL Langrenn
1927   Einar Lindboe Skuld, Oslo Kombinert
1928   Mikkjel Hemmestveit Morgedals IL Skihopp
1928   Torjus Hemmestveit Morgedals IL Skihopp
1931   Ole Stenen Øyer IF Langrenn
1931   Hans Vinjarengen Nordre Land IL Kombinert
1934   Oddbjørn Hagen Bækkelagets Sportsklub Kombinert
1935   Arne Rustadstuen Lillehammer Skiklubb Langrenn
1937   Olaf Hoffsbakken Snertingdal IL Kombinert
1937   Birger Ruud Kongsberg IF Skihopp
1937   Martin Peder Vangli Osen IL Langrenn
1938   Reidar Andersen Ready, Oslo Kombinert
1938   Johan R. Henriksen Start, Oslo Mangeårig løypesjef i Holmenkollen
1939   Lars Bergendahl Sørkedalens IF Langrenn
1939   Trygve Brodahl Fossekallen IF Langrenn
1939   Sven Selånger Sverige Skihopp og kombinert
1940   Oscar Gjøslien Drafn, Drammen Kombinert
1940   Annar Ryen IL Nansen Langrenn
1947   Elling Rønes Nordre Trysil IL Langrenn
1948   Asbjørn Ruud Kongsberg IF Skihopp
1949   Sigmund Ruud Kongsberg IF Skihopp
1950   Olav Økern Bærums Skiklub Langrenn
1951   Simon Slåttvik Stålkameratene Kombinert
1952   Stein Eriksen Ready, Oslo Alpint
1952   Torbjørn Falkanger Byåsen IL, Trondheim Skihopp
1952   Heikki Hasu Finland Langrenn og kombinert
1952   Nils Karlsson Sverige Langrenn
1953   Magnar Estenstad IL Leik Kombinert
1954   Martin Stokken Selsbakk IF Kombinert
1955   Haakon VII av Noreg Innsats for Holmenkollen og skiidrett
1955   Hallgeir Brenden Vestre Trysil IL Langrenn
1955   Veikko Hakulinen Finland Langrenn
1955   Sverre Stenersen Målselv IL Kombinert
1956   Arnfinn Bergmann Freidig, Trondheim Skihopp
1956   Arne Hoel Ski- og fotballklubben Lyn Skihopp
1956   Borghild Niskin Bærums Skiklub Alpint
1957   Eero Kolehmainen Finland Langrenn
1958   Inger Bjørnbakken Bærums Skiklub Alpint
1958   Håkon Brusveen Vingrom IL Langrenn
1959   Gunder Gundersen Frisk Asker Kombinert
1960   Sixten Jernberg Sverige Langrenn
1960   Tormod Knutsen Eidsvold Værks Skiklub Kombinert
1960   Helmut Recknagel Aust-Tyskland Skihopp
1960   Sverre Stensheim IL Snøhetta Langrenn
1961   Harald Grønningen Freidig, Trondheim Langrenn
1962   Toralf Engan IL Leik Skihopp
1963   Pavel Koltsjin Sovjetunionen Langrenn
1963   Alevtina Koltsjina Sovjetunionen Langrenn
1963   Astrid Sandvik Heming Alpint
1963   Torbjørn Yggeseth Heggedal IL Skihopp
1964   Veikko Kankkonen Finland Skihopp
1964   Eero Mäntyranta Finland Langrenn
1964   Halvor Næs Trysilgutten Langrenn
1964   Georg Thoma Vest-Tyskland Kombinert
1965   Bengt Eriksson Sverige Kombinert
1965   Arne Kjell Larsen Heggedal IL Kombinert
1965   Arto Tiainen Finland Langrenn
1967   Ole Ellefsæter Nybygda IL Langrenn
1967   Toini Gustafsson Sverige Langrenn
1968   Olav V av Noreg Skihopp, og innsats for Holmenkollen og skiidrett
1968   Gjermund Eggen Engerdal Sportsklubb Langrenn
1968   Assar Rönnlund Sverige Langrenn
1968   Bjørn Wirkola Alta IF Skihopp
1969   Odd Martinsen Nittedal IL Langrenn
1970   Pål Tyldum Hållingen IL Langrenn
1971   Reidar Hjermstad Hernes IL Langrenn
1971   Marjatta Kajosmaa Finland Langrenn
1971   Berit Mørdre Lammedal Romerikslaget Langrenn
1972   Rauno Miettinen Finland Kombinert
1972   Magne Myrmo Rennebu IL Langrenn
1973   Einar Bergsland Ski- og fotballklubben Lyn Mangeårig renn- og løypesjef
1973   Franz Keller Vest-Tyskland Kombinert
1973   Ingolf Mork Ski- og fotballklubben Lyn Skihopp
1974   Juha Mieto Finland Langrenn
1975   Oddvar Brå IL Leik Langrenn
1975   Ivar Formo Ski- og fotballklubben Lyn Langrenn
1975   Gerhard Grimmer Aust-Tyskland Langrenn
1976   Ulrich Wehling Aust-Tyskland Kombinert
1977   Hilkka Kuntola Finland Langrenn
1977   Walter Steiner Sveits Skihopp
1977   Helena Takalo Finland Langrenn
1979   Erik Håker Oppdal IL Alpint
1979   Raisa Smetanina Sovjetunionen Langrenn
1979   Ingemar Stenmark Sverige Alpint
1980   Thomas Wassberg Sverige Langrenn
1981   Johan Sætre Trysilgutten Skihopp
1983   Berit Aunli Strindheim IL Langrenn
1983   Tom Sandberg Mo IL Kombinert
1984   Lars Erik Eriksen Bjerke IL Langrenn
1984   Armin Kogler Austerrike Skihopp
1984   Jakob Vaage (Oslo) Skihistorikar og forfattar om skiidrett
1985   Per Bergerud Svene IL Skihopp
1985   Anette Bøe Bjerke IL Langrenn
1985   Gunde Svan Sverige Langrenn
1986   Brit Pettersen Søre Ål IL Langrenn
1987   Matti Nykänen Finland Skihopp
1987   Hermann Weinbuch Aust-Tyskland Kombinert
1989   Marja-Liisa Kirvesniemi Finland Langrenn
1991   Trond Einar Elden Namdalseid IL Kombinert
1991   Vegard Ulvang Kirkenes og Omegn Skiklubb Langrenn
1991   Ernst Vettori Austerrike Skihopp
1991   Jens Weissflog Tyskland Skihopp
1992   Jelena Välbe Russland Langrenn
1993   Emil Kvanlid Drammens Ballklubb Kombinert
1994   Espen Bredesen Oppsal IF/Kollenhopp Skihopp
1994   Ljubov Jegorova Russland Kombinert
1994   Vladimir Smirnov Kasakhstan Langrenn
1995   Kenji Ogiwara Japan Kombinert
1996   Manuela Di Centa Italia Langrenn
1997   Stefania Belmondo Italia Langrenn
1997   Bjørn Dæhlie Nannestad IL Langrenn
1997   Bjarte Engen Vik Bardufoss og Omegn Idrettsforening Kombinert
1998   Larisa Lazutina Russland Langrenn
1998   Fred Børre Lundberg Bardu IL Kombinert
1998   Harri Kirvesniemi Finland Langrenn
1998   Aleksej Prokurorov Russland Langrenn
1999   Kazuyoshi Funaki Japan Skihopp
2001   Thomas Alsgaard Eidsvold Værks Skiklub Langrenn
2001   Adam Malysz Polen Skihopp
2001   Bente Skari Nittedal IL Langrenn
2003   Ronny Ackermann Tyskland Kombinert
2003   Felix Gottwald Austerrike Kombinert
2005   Andrus Veerpalu Estland Langrenn
2007   Harald V av Noreg Innsats for Holmenkollen og skiidrett
2007   Sonja av Noreg Innsats for Holmenkollen og skiidrett
2007   Simon Ammann Sveits Skihopp
2007   Frode Estil Lierne Ski Langrenn
2007   Odd-Bjørn Hjelmeset Fjellhug Vereide/Hyen IL Langrenn
2010   Marit Bjørgen Rognes IL Langrenn [1]
2011   Ole Einar Bjørndalen Simostranda IL Skiskyting
2011   Michael Greis Tyskland Skiskyting
2011   Andrea Henkel Tyskland Skiskyting
2011   Janne Ahonen Finland Skihopp
2012   Magdalena Neuner Tyskland Skiskyting
2012   Emil Hegle Svendsen Trondhjems Skiskyttere Skiskyting
2013   Tora Berger Dombås IL Skiskyting [2]
2013   Martin Fourcade Frankrike Skiskyting [3]
2013   Therese Johaug IL Nansen Langrenn [4]
2013   Gregor Schlierenzauer[5] Austerrike Skihopping
2014   Magnus Moan[6] Byåsen IL Kombinert
2014   Eric Frenzel[6] Tyskland Kombinert
2014   Thomas Morgenstern[7] Austerrike Skihopping
2014   Darja Domratsjeva[8] Kviterussland Skiskyting
2015   Eldar Rønning[9] Skogn IL Langrenn
2015   Anette Sagen[10] Helfjell UL Skihopping
2015   Anders Bardal[10] Steinkjer Skiklubb Skihopping
2015   Kamil Stoch[10] Polen Skihopping
2016   Noriaki Kasai[11] Japan Skihopping
2016   Tarjei Bø Markane IL Skiskyting
2017   Marie Dorin Habert[12] Frankrike Skiskyting
2017   Sara Takanashi[13] Japan Skihopping

KjelderEndra

FotnotarEndra