Simon Arnauld de Pomponne
Simon Arnauld de Pomponne, seigneur og så marki (1682) av Pomponne (1618–26. september 1699) var ein fransk diplomat og minister.
Simon Aranauld de Pomponne var fødd i Paris i 1618, som son av Robert Arnauld d'Andilly og Catherine Le Fevre de la Boderie. Han var bror til Antoine Arnauld og Angélique de Saint-Jean Arnauld d'Andilly. Han starta karrieren sin som intendant for den franske garnisonen i Casale, der han var frå 1642 til 1647. Så vart han utpeikt til «intendant d'armée» i Italia, i Paris under Fronden, og Catalonia.
De Pomponne starta som diplomat i 1655 og forhandla ein avtale med hertugen av Mantova. Mot slutten av 1660-åra vart han ambassadør i Sverige. Her skulle han hindre Sverige i å verte del av Trippelalliansen (1665-1668). I 1671 vart han igjen send til Sverige for å danne ein ny allianse mellom Sverige og Frankrike, og slik vart Dei sameinte Nederlanda diplomatisk isolert, slik at Ludvig XIV kunne gå til åtak.
Etter at Hugues de Lionne døydde i 1671, tok Simon Arnauld de Pomponne over stillinga hans som utanriksminister, noko han var fram til 1679. De Pomponne klarte å oppnå freden i Nijmegen (1678), men vart til slutt sagt opp av kongen, som ønskte ein meir brutal utanrikspolitikk. Han heldt derimot fram å spele ei viktig rolle i fransk politikk i 1690-åra.
Simon Arnauld de Pomponne døydde i Fontainebleau i 1699.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Simon Arnauld, marquis de Pomponne» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Simon Arnauld de Pomponne, Mémoires, Paris, 1860, 2 vol.
- Simon Arnauld de Pomponne, Relation de mon ambassade ein Hollande, ed. Herbert H. Rowen, Utrecht, 1955.
- Herbert H. Rowen, The Ambassador prepares for war, The Hague, 1957.
- Rémi Mathis, "De la négociation à la relation d'ambassade. La seconde ambassade de Suède de Simon Arnauld de Pomponne (1671)" in Revue d'Histoire diplomatique, n°3, 2005.