Simona Amânar
Simona Amânar (fødd 7. oktober 1979) er ein rumensk tidlegare turnar frå Constanța som vart olympisk meister i mangekamp under Sommar-OL 2000. I tida 1994-2000 vann ho seks gullmedaljar i verdsmeisterskap og like mange i europameisterskap, i tillegg til tre i olympiske sommarleikar. Til saman sanka ho sju OL-medaljar, ti VM-medaljar og tolv EM-medaljar.
Simona Amânar | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 7. oktober 1979 (45 år) Constanța |
Idrett | turn |
Tok del i | gymnastics at the 1996 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1996 Summer Olympics – women's vault |
Amânar fekk sine fyrste gullmedaljar med Romania sine mannskap i lagtevlinga ved EM 1994 og VM 1994. Sidan vart det lag-gull i VM 1995, EM 1996, VM 1997, EM 1998, VM 1999, EM 2000 og OL 2000. Individuelt kom ho på tredjeplass i mangekampen ved dei olympiske leikane 1996 i Atlanta, der ho elles vann gullmedaljen i hopp, sølv frittståande og bronse i lagtevlinga. Ho utmerkte seg særleg i hopp, ei øving ho vann både i VM 1995, EM 1996, OL 1996, VM 1997 og EM 2000. I EM 1996 gjekk ho også til topps i skranke. Ho avslutta som aktiv med å sigre i mangekampen og lagtevlinga under Sydney-OL, der ho også tok bronse i frittståande.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Simona Amânar» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2022.
- «Simona Amânar» (på engelsk). Olympedia. Henta 8. mars 2023.