Sindre Almsengen (fødd 16. februar 1985) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Oslo som tevla i lengdehopp og tresteghopp. I tida 2006-16 vart han åtte gongar noregsmeister i tresteghopp og ein gong i lengdehopp. Almsengen var fram til 2004 medlem i BUL-Oslo, deretter 2005-08 i IK Tjalve, 2009-13 i Norna-Salhus, 2014 i Fana IL, før han frå 2015 atter representerte Tjalve.

Sindre Almsengen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1985 (39 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Under NM i friidrett 2006 sette Almsengen personleg rekord i lengde med eit hopp på 7,37 meter og vart norsk meiser i øvinga. Året etter fekk han NM-sølv i lengdehopp, og i 2008 bronse i same øvinga. Frå same meisterskapen, NM 2008 i Trondheim, dominerte han tresteg-øvinga i Noreg. I Trondheim gjorde han personbeste med 15,55 meter, ved NM 2009 forbetra han seg til 15,67 m. Under noregsmeisterskapen 2011 på Byrkjelo fekk Almsengen fullklaff i tresteg-gropa. I sitt beste hopp landa han på 15,96 meter, hans livs lengste tresteghopp som sikra han NM-gull nummer 4. Åra frå 2012 til 2018 tok han trestegs-medalje i kvar einaste noregsmeisterskap; gull i 2012,2013, 2015, 2016, sølv i 2014 og bronse i 2017, 2018.

Kjelder endre