Singelplate

plateutgjeving med vanlegvis ein eller to spor
(Omdirigert frå Single)

Ein singel eller singelplate (òg skrive single), ofte forkorta SP (single playing) er eit standardisert format for grammofon- og CD-plater. Ein singel inneheld mindre lyd, det vil seia kortare lydopptak og færre lydspor enn musikk- og lydplater i andre format (EP- og LP-plater).

Ein tradisjonell single er ei grammofonplate som vanligvis inneheld eitt lydspor eller éin komposisjon på kvar plateside og som skal spelast av med ein omdreiiingshastigheit på 45 omdreiingar i minuttet.
Tre ulike singleplateformat.

Ei tradisjonell singelplate er ei grammofonplate med berre eitt lydspor eller éin komposisjon per plateside. Hovudsongen er vanlegvis plassert på A-sida, medan B-sida inneheld eit bonusspor. Ein grammofonsingel har ein diameter på 17,5 cm og skal spelast av med 45 omdreiingar per minutt, og kan derfor òg kallast ei 45-plate. Slike singelplater vart utvikla av RCA og kom på marknaden i 1949, året etter at Columbia hadde teke til å marknadsføra mikrorilleplater.

8 cm CD-singel

Ein CD-singel består som regel av éin hovudsong og éin til tre «bonussongar». Ein maxi single ville bestå av fleire enn to songar.

Singlar vert ofte gjevne ut både i forkant og etterkant av eit studioalbum for å marknadsføre musikken og selje fleire pater. Ofte vert det òg spelt inn ein musikkvideo til singlane som kjem ut. På ein singel kan det i tillegg til hovudsporet vere konsertopptak, andre songar frå studioalbumet, tidlegare ikkje utgjevne songar, demoar eller den same songen i forskjellige versjonar.

Singelsalet vert registrert på singellister i dei fleste land, som til dømes VG-lista i Noreg, Billboard Hot 100 i USA og UK Singles Chart i Storbritannia. Desse listene vert ofte publiserte i magasin eller aviser, og mange fjernsynsshow eller radioprogram som tar ei nedteljing på lista. For å kome med på lista må ein følgje somme krav som dei som eig lista avgjer, som regel går det på platesal og kor mange gonger songane vert spelte på radio. I dag er mange av desse listene òg basert på mengda nedlastingar av songen.

Singlane hadde stordomstida si særleg i 1950- og 1960-åra, i starten av rockehistoria, særleg fordi dei var billigare enn heile album. Utover i 1960-åra vart det større fokus på album og samanhengande tema, men singlane var framleis eit viktig marknadsføringsledd. I løpet av 1990- og 2000-åra har singlane vorte mindre viktige, sidan både album og singlar vert gjeve ut på CD-plater som har meir eller mindre same produksjonskostnad og album vart hovudmetoden å selje musikk på.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre