Singularity av Peter Hammill

Singularity
Studioalbum av Peter Hammill
Utgjeve Desember 2006
Innspelt Januar - august 2006
Sjanger Kunstrock
Lengd 41:39
Selskap Fie!
Produsent Peter Hammill
Peter Hammill-kronologi 
Incoherence
(2004)
Singularity Thin Air
(2009)


Singularity er det 31. studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på hans eige Fie! Records i desember 2006.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Albumet var det første Hammill spelte inn etter han hadde hatt eit hjarteinfarkt i 2003. Somme av songane («Our Eyes Give It Shape», «Event Horizon») refererer direkte til nær-døden-opplevinga han hadde. Andre songar omhandlar dødelegheit på andre måtar («Meanwhile My Mother» om då mora gjekk bort, «Friday Afternoon» om då pianostemmaren hans brått gjekk bort).

I motsetnad til nyare Hammill-album, er Singularity spelt inn heilt solo. Det vart skrive, framført og produsert av Hammill sjølv. Det er blitt rekna som eit av dei beste albuma hans sidan 1980-åra.[2]

Plateomslaget vart designa av den mangeårige samarbeidspartnaren til Hammill, Paul Ridout. Han brukte eit fotografi av Dinu og leika med omgrepet «Singularity».

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Peter Hammill.

Nr.TittelLengd
1.«Our Eyes Give It Shape»4:33
2.«Event Horizon»6:03
3.«Famous Last Words»5:50
4.«Naked to the Flame»5:26
5.«Meanwhile My Mother»4:30
6.«Vainglorious Boy»5:11
7.«Of Wire, of Wood»1:34
8.«Friday Afternoon»5:04
9.«White Dot»6:22

Medverkande endre

Teknisk endre

  • Peter Hammill - lydteknikar, miksing (Terra Incognita, Bath)
  • Paul Ridout - plateomslag

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Mike Barnes, Life Sentences. Wire, March 2007. pp. 34-41