Thin Air av Peter Hammill

Thin Air
Studioalbum av Peter Hammill
Språk engelsk
Utgjeve Juni 2009
Innspelt August 2008 – mars 2009
Sjanger Kunstrock
Lengd 46:48
Selskap Fie!
Produsent Peter Hammill
Peter Hammill-kronologi 
Singularity
(2006)
Thin Air Consequences
(2012)


Thin Air er det 32. studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på hans eige Fie! Records i juni 2009. Det var opphavleg berre tilgjengeleg digitalt på nettsida til Burning Shed Records.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]
BBC Music(positiv)[2]

Som med det førre albumet hans, Singularity, spelar Hammill alle instrumenta, skreiv alle songane og produserte heile innspelinga sjølv.

Hovudtempaet på albumet er forsvinning, som Hammill fortalte til musikkmagasinet Mojo i februar 2009: «det vart raskt klårt at det sterke, tematiske bandet gjennom songane var forsvinning, tap, endring, forskjellige former for forskuving.»[3]

Eit anna tema som går att i mange av songane er World Trade Center og bilete av fly, sjølv om Hammill har nekta for «nokre direkte» referansar til 9/11.[4]

Songen «Your Face on the Street» var inspirert av forsvinninga til Melanie Hall i Bath, der Hammill budde. Noko av teksten var skriven på tida då Hall forsvann, og då albumet kom ut var ho enno ikkje funnen. Seinare vart ho funnen drepen.[5]

I følgje François Couture i AllMusic er Thin Air: «... kanskje mindre eksperimentelt enn Singularity, men meir dystrare – og meir samanhengande og konsistent.» Songane har «nesten ingen perkusjon, berre akustisk gitar, piano, nokre krokete elektriske gitarlinjer, bass, og korvokal, sungen på den måten som har blitt varemerket hans».[1]

Plateomslaget var designa av Paul Ridout, ved hjelp av stillbilete frå videoverket hans «Minutely Observed Horizon».[6]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Peter Hammill.

Nr.TittelLengd
1.«The Mercy»6:21
2.«Your Face on the Street»5:21
3.«Stumbled»4:48
4.«Wrong Way Round»2:40
5.«Ghosts of Planes»5:23
6.«If We Must Part Like This»4:38
7.«Undone»4:25
8.«Diminished»6:11
9.«The Top of the World Club»7:03

Medverkande endre

  • Peter Hammill – vokal

Teknisk endre

  • Peter Hammill – lydteknikar, miksing (Terra Incognita, Wiltshire)
  • Paul Ridout – design, fotografi

Notes endre

  1. 1,0 1,1 Couture, François. Thin Air av Peter HammillAllmusic
  2. Easlea, Daryl. «BBC – Music – Review of Peter Hammill – Thin Air». Henta 9. august 2020. 
  3. «Mojo piece». Henta 9. august 2020. 
  4. «Sofa Sound – Newsletters». www.sofasound.com. Henta 9. august 2020. 
  5. «Sofa Sound – Newsletters». www.sofasound.com. Henta 9. august 2020. 
  6. Ridout videoYouTube