Sir (uttalt sø´r) er ein engelsk ærestittel og tiltaleform. Ordet er avleidd frå fransk sieur (herre), som opphavleg er frå latinsk senior.[1]

Tittelen vart tidlegare brukt som høfleg tiltalemåte blant likemenn (utan namnet til personen), men vert no vanlegvis brukt vørdsamt for å tala til eldre, overordna eller ukjende menn.[1] Ein kan til dømes bruka det for å tiltala ein mann med høgare rang eller status, som ein lærer, ein monark eller militæroffiser, som kommersiell tiltalemåte overfor kundar, i formell korrespondanse, eller overfor framande. Den tilsvarande tiltalemåten for kvinner er madam.

Sir er òg den korrekte til- og omtalemåten av riddarar og baronettar, brukt med førenamnet til personen[1] eller fulle namn, men aldri med slektsnamnet åleine. Den tilsvarande tiltaleforma for kvinner er Dame. Ein person som ikkje er undersått under den britiske monarken, som mottek eit adelskap, brukar ikkje denne tiltalemåten.

Sjå òg endre

Kjelder endre