Siri Lill Mannes (fødd 29. juni 1970 i Vedavågen i Noreg) er ein norsk journalist og nyhetsanker som arbeidde i TV 2 frå 1992 til 2010.

Siri Lill Mannes

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juni 1970 (53 år)
Vedavågen
Yrke kringkastingsjournalist, forfattar
Sjanger kriminallitteratur
Siri Lill Mannes på Commons

Mannes hadde røynsle frå lokalmedier, blant anna frå lokalradioen Radio102, før ho kom til TV 2 i 1992. I 1995 byrja ho med å ankre morgennyhetene, og frå 1999 var ho nyhetsanker på kveldssendingene. Ho sa opp stillinga si i kanalen våren 2010 og leda sin siste nyhetssending fredag 25. juni. Hun begrunnet oppsigelsen med at ho følte det var tid for å prøve noko nytt.

Ho har gjennomført Forsvaret sitt russiskkurs ved FSES og snakkar flytande russisk. Ho tok seinare hovedfag i historie ved Universitetet i Bergen. Ho har òg studert statsvitskap i USA.

Mannes vart tildelt Kringkastingsprisen for 2000.

Ho har skrive boka Livvakt i helvete – Aleksandr og krigen i Tsjetsjenia (ISBN 9788248906018, Kagge forlag, 2003), og i mai 2010 utgav ho kriminalromanen 66 grader nord.

Deltaking endre

  • 2010:   TV 2s Artistgalla (programleiar)