Sit
Sit (russisk Сить) er ei elv i Tver og Jaroslavl oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 159 km lang og har eit nedslagsfelt på 1 900 km². Elva har ei middelvassføring på 13,4 m³/s.
Sit | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 900 km² | ||
Lengd | 159 km | ||
Middelvassføring | 13,4 m³/s | ||
Munning | Volga | ||
Sit 58°18′41″N 37°52′53″E / 58.31125°N 37.88127778°E |
Kjelda til Sit er nær Bezjetskogo-toppen nær landsbyen Saburovo. Sit munnar ut i Volga via Rybinsk-reservoaret. Før reservoaret vart bygd var Sit ei sideelv til Mologa. Ved munningen ligg landsbyen Brejtovo.
Sit er islagd frå slutten av november til april. Den nedre delen av elva er eit populært område for rekreasjon og fiske.
Nær Brejtovo stod det kampar mellom tatarar og mongolane i 1238, kjend som slaget ved Sit.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Сить» frå Wikipedia på russisk, den 2. november 2008.