Sjøfararen Juan Fernández
Juan Fernández, fødd cirka 1528–1536[1][2] i Cartagena i Murcia, Spania,[3] død cirka 1599–1604[1][2] i Santiago i Chile, var ein spansk sjøfarar og oppdagingsreisande som er rekna som oppdagaren av Juan Fernández-øyane og Desventuradasøyane sør i Stillehavet.[1]
Juan Fernández | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | ca. 1529 Cartagena i Spania |
Død | |
Yrke | oppdagar, navigatør |
Språk | spansk |
Liv og virke
endreDet tidlege livet til Fernández er ukjent, men han må ha mønstra på i den spanske flåten og hamna sidan i dei spanske områda i Peru.
I 1563 gjennomførte Fernández ein ekspedisjon frå Callao i Peru til Valparaíso i Chile. Denne reisa tok berre 30 dagar, og gjorde han kjend som ein dyktig sjøfarar som fekk kallenamnet brujo ('trollmann').
Fernández gjennomførte truleg fleire ekspedisjonar i Stillehavet frå 1564 til 1574.
Juan Fernández-øyane blei truleg oppdaga den 22. november 1574 og Øygruppa er kalla opp etter han. Dei einskilde øyane blei fyrst kalla Isla Más A Tierra (seinare Isla Robinson Crusoe), Islote de Santa Clara (no Isla Santa Clara) og Isla Más Afuera (no Isla Alejandro Selkirk).
Seinare same året oppdaga han òg San Ambrosio-øya og San Félix-øya i Desventuradas-øyane.
Nokre historikarar meiner det er mogleg at Fernández òg kan ha vitja New Zealand kring 1576. Deretter finst det ingen dokumentasjon om livet hans.
Litteratur
endre- Alexander Dalrymple: An Historical Collection of the several Voyages and Discoveries inn the South Pacific Osean, London, (1769–1771)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Juan Fernández - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se. Henta 31. juli 2021.
- ↑ 2,0 2,1 «Juan Fernández | Spanish navigator». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 31. juli 2021.
- ↑ «Isla Robinson Crusoe - Archipielago Juan Fernández.». www.comunajuanfernandez.cl. Henta 31. juli 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Juan Fernández (sjöfarare)» frå Wikipedia på svensk, den 28. februar 2023.