Santiago
Santiago de Chile er hovudstaden og den største byen i Chile. Dei lovgjevande styresmaktene i landet møtest likevel i Valparaíso, som ligg i nærleiken.
Santiago | ||
---|---|---|
![]() | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land | Chile | |
Grunnlagd | 12. februar 1541 | |
Borgarmeister | Carolina Tohá | |
Geografi | ||
Flatevidd | 837,89 km² | |
Flatevidd - By |
641,4 km² | |
Innbyggjarar - By (2009) - folketettleik |
5,278,044 8964/km² | |
Høgd over havet | 520 m | |
Tidssone | UTC -4 (UTC4) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://www.gobiernosantiago.cl | ||
Nettstad: www.municipalidaddesantiago.cl/ |
Byen ligg i den midtre dalen i Chile, i Región Metropolitana de Santiago, og har 5 278 044 innbyggjarar (2009), rundt ein tredel av alle chilenarar. Heile byområdet har i følgje same folketeljinga 6 910 000 innbyggjarar.
Historie endre
Santiago blei grunnlagd av Pedro de Valdivia den 12. februar 1541 med namnet Santiago de Nueva Extremadura. Valdivia valde denne staden på grunn av det vennlege klimaet og fordi ein lett kunne forsvara byen.
Klima endre
Santiago har eit mildt middelhavsklima med ein relativt varm sommar, der temperaturen kan stiga til 35 °C. Vintrane er fuktige med typiske dagstemperaturar på 15 °C. Gjennomsnittleg nedbør er 360 mm per år.
Folk frå Santiago endre
- Roberto Bolaño (1953–2003). forfattar