Overstyrmann er ein offiser som leiar dekksdepartementet på eit fartøy.[1] Det er den høgaste graden for styrmann. Tidlegare vart denne høgaste graden kalla førstestyrmann.[treng kjelde] I dag vert førstestyrmann nytta om den nest høgaste graden for styrmann.

Ein overstyrmann har ansvaret for lasta ombord

Den faktiske tittelen kan varierer frå skip til skip, nasjonalitet, handel og selskap.[treng kjelde]

Etter norsk og internasjonal lov (STCW) er overstyrmannen den dekksoffiseren som har rang nest etter skipsføraren på eit skip, og som overtek kommandoen dersom skipsføraren blir ute av stand til å ta vare på pliktene sine.[2][3]

For å tenestegjere som overstyrmann på passasjerskip, lasteskip større enn 15 meter, fiskefartøy større enn 10,67 meter (35 fot) og på lekter, krevst det relevant kompetansesertifikat for dekksoffiser.

Stillinga inneber hovudansvar for laste- og losseoperasjonar, og behandling av last. Overstyrmann har òg ansvar for skipet sin stabilitet, administrativt arbeid, samt sikkerheit og vedlikehald på dekk. Ofte er overstyrmann òg medisinsk ansvarleg om bord.[4]

Kjelder endre

  1. «overstyrmann». Store norske leksikon. 
  2. «Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk - Lovdata». lovdata.no. Henta 28. mars 2018. 
  3. Sjøfartsdirektoratet, «Regel I/1 - Sjøfartsdirektoratet», www.sdir.no (på norsk), henta 29. april 2018 
  4. «Bli kjent med yrket: Overstyrmann». utdanning.no (på norsk bokmål). Henta 28. mars 2018.