Sjøløver
underfamilie av pattedyr
Sjøløver er ei gruppe øyreselar som omfattar sju artar i ulike slekter, seks levande og ein utdøydd. Det som kjenneteiknar sjøløvene er at dei har ytre øyrer, lange framloffar, evnen til å gå på alle fire og kort, tjukt hår. Sjøløvene lever i farvatna utanfor Nord-Amerika, Sør-Amerika og i Oseania utanfor Australia og New Zealand. Det finst ingen ville sjøløver i Noreg. Den vanlegaste av sjøløveartane er kaliforniasjøløve, som kan dresserast og ofte er å sjå i dyrehagar.
Artar
endre- Stellersjøløve (Eumetopias jubatus)
- Australsk sjøløve (Neophoca cinerea)
- Søramerikansk sjøløve (Otaria flavescens)
- New Zealand-sjøløve (Phocarctos hookeri)
- Kaliforniasjøløve (Zalophus californianus)
- Galapagossjøløve (Zalophus wollebaeki)
- Japansk sjøløve (Zalophus japonicus) - utdøydd
Kjelder
endre- «sjøløver» i Store norske leksikon, snl.no.
- Engelsk wikipedia: Sea lion, henta inn 28. juni 2012.