Sjahu av Marathariket
Sjahu Sambhadji Radje Bhosale eller Sjahudji (18. mai 1682–1749) var den fjerde keisaren av Marathariket, som var blitt grunnlagd av bestefar hans, tsjhatrapati Shivadji. Han var son av Sambhadji, den andre tsjhatrapatien.
Sjahu | |||
| |||
Periode | 1707-1749 | ||
---|---|---|---|
Religion | Hinduismen | ||
Fødd | 18. mai 1682 | ||
Fødestad | Mangaon | ||
Død | 1749 | ||
Dødsstad | Satara | ||
Mor | Jesubai | ||
Far | Sambhadji | ||
Sambuar | Tarabai | ||
Far | Sambhadji | ||
Mor | Jesubai | ||
Føregangar | Tarabai | ||
Etterfølgjar | Radjaram II |
Sjahu var offisielt radja (konge) av Satara i noverande Maharashtra i India. Etter fangenskap hjå mogulane og ein borgarkrig vann han marathatrona i 1707, og herska i over førti år.[1]
Liv
endreSjahu blei fødd under Dekkankrigane mellom Mogul- og Marathariket. Då han var sju blei han og foreldra tekne av mogulhæren. Faren Sambhadji blei seinare avretta av stormogul Aurangzeb. Sjahu og mora blei haldne i fangenskap i nær tjue år.[2]
Etter at Aurangzeb døydde i 1707 blei Sjahu sleppt fri, medan mora var igjen som gissel for god oppførsel. Ho blei først frigjort i 1719, då marathaene var mektige nok. I mellomtida hadde onkelen hans Radjaram leia Marathariket. Då Sjahu gjorde krav på trona kom han i konflikt med enkja etter Radjaram, Tarabi, og sonen deira Sjivadji II. Desse hadde base i Kolhapur medan Sjahu hadde base i Satara.
Sjahu hadde støtte mot Tarabi frå den neste stormogulen, Bahadur Sjah og generalen hans Zulfiqar Khan som leiar for ein vasallstat. Innanfor riket sitt hadde han dyktige støttespelarar i Dhanadji Djadhav, sardaren Khanderao Dabhade som blei øvstkommanderande i hæren, og pesjvaen eller førsteministeren Baladji Visjvanath.
Det var under Sjahu sitt styre at Marathariket voks til å bli den største staten i India. Han sentraliserte makta att etter at lokale adelsfolk hadde blitt mektige under Dekkankrigane. Han utnemnde mange dyktige folk frå ulike bakgrunnar til å styra riket, og skipa det mektige pesjva-embetet som kom til å ta over mykje av styringa av riket. I tillegg til Baladji Visjvanath var Bahirodji Pingale, Badjirao og Nanasaheb pesjvaer under han.
Familie
endreShahuji hadde fire koner, og fekk to søner og fire døtrer. Han adopterte også to sønrer. Den eine av desse etterfølgde han som Radjaram II.
Kjelder
endre- ↑ A. Vijaya Kumari; Sepuri Bhaskar. «Social change among Balijas: majority community of Andhra Pradesh». Study. Henta 24. juni 2011.
- ↑ Robinson, Howard; James Thomson Shotwell (1922). "Mogul Empire and the Marathas". The Development of the British Empire. Houghton Mifflin. p. 106-132.
- Imperial Gazetteer of India, v. 2, s. 441.
- Denne artikkelen bygger på «Shahu» frå Wikipedia på engelsk, den 18. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Kasar, D.B. Rigveda to Raigarh making of Shivaji the great, Mumbai: Manudevi Prakashan, Rs. 165 (2005).
- Akkalkot, Solapur district gazette