Espen Lie (fødd 3. januar 1984) i Porsgrunn er ein norsk sjakkspelar. Han blei Noregsmeister i sjakk i 2007. Espen Lie blei også utnemnd til Internasjonal meister i sjakk (IM) i 2007.

Espen Lie


Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. januar 1984 (40 år)
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakkolympiaden 2014

Noregsmeister i sjakk endre

I Noregsmeisterskapen i sjakk på Hamar i juli 2007 delte Espen Lie førsteplassen med Geir Sune Tallaksen, begge med 6,5 poeng på 9 rundar.[1] Det var dermed nødvendig med omkamp om NM-tittelen. Då begge spelar for Porsgrunn sjakklubb blei omkampen spela i Porsgrunn 21-23. september 2007. Etter to innleiande remisar i dei to første partia med lang tenketid, skulle det deretter spelast to og to parti med hurtigsjakk. Dei tre første av desse partia vart remis, men så vann Espen Lie det fjerde hurtigsjakkpartiet og kunne dermed motta kongepokalen. [2]

Internasjonal meister i sjakk endre

Resultatet frå NM på Hamar var også så godt at det gav Espen Lie det tredje nødvendige nappet i IM-tittelen. Ratingkravet på 2400 var han over allereie, og han blei dermed utnemnd til Noreg sin 18. dåverande Internasjonale Meister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE i slutten av september 2007.[3]

Fire stormeisternapp endre

I den store sjakkturneringa Reykjavik Open i mars 2008 klarte Espen Lie med 5,5 poeng på 9 rundar mot sterk motstand sitt første napp i stormeister-tittelen. Det andre nappet kom i Noregsmeisterskapen i Sandefjord i 2012 med 7 poeng på 9 rundar. Det tredje nappet kom i den internasjonale turneringa i Kragerø i slutten av februar 2017.[4] Han klarte også eit fjerde (unødvendig) stormeisternapp i eliteserien i sjakk sesongen 2017-2018 med 7,5 poeng på 9 rundar.[5] Han har i ettertid dermed «berre» trengt å få eigen FIDE-rating over 2500 for å bli utnemnd til stormeister, noko som kan vere vanskeleg nok: Han har som best hatt 2492 i perioden april 2018 til mars 2019. Det er ingen tidsfrist for å klare ratingkravet på 2500.

Anna endre

Espen Lie vart junior-noregsmeister i sjakk i 2002.[6] Espen Lie er ein yngre bror til sjakkstormeister Kjetil A. Lie.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007, s. 10-13
  • Norsk Sjakkblad nr. 5, 2007, s. 11-13 og s. 25
  • Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014, Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar endre

  1. Norsk Sjakkblad nr. 4, 2007 s. 10-13
  2. Norsk Sjakkblad nr. 5, 2007 s. 11-13
  3. Norsk Sjakkblad nr. 5, 2007 s. 25
  4. Espen Lie sine stormeisternapp hos FIDE
  5. Norsk Sjakkblad nr. 2, 2018 s. 58.
  6. Brekke 2014 s. 302