Reinkarnasjon

(Omdirigert frå Sjelevandring)

Reinkarnasjon (uttalt re-inkarnasjon), eller sjelevandring, er eit omgrep som gjeld trua på at sjela, anden eller annan immateriell og individuell livseigenskap eller energi i eit menneske går ut av den avlidne for å take bustad i ei ny, levande lekam her på jorda, anten i eit nytt menneske eller eit dyr, og soleis kjem til å leve eit nytt, jordisk liv i denne nye lekamen. Det går altså føre seg ei sjelevandring i den jordiske sfæra, i motsetnad til til dømes den kristne trua på at det finst ein himmelsk, eventuelt ein djevelsk, evig bustad for den avlidne si sjel (og eventuelt òg lekamen). Reinkarnasjon vil soleis seie ei oppattføding av den same sjela til eit nytt liv på jorda, anten frå å vere eit menneske til å verte eit nytt menneske, eller frå å ha vore eit menneske til å verte eit dyr eller annan skapnad av lågare rang enn mennesket. I somme religionar kan det jamvel verte sett på som ei degradering at ein mann vert attfødd som ei kvinne.

Ei framstilling som syner eit døme på reinkarnasjon i hinduistisk tru.

Trua på reinkarnasjon er vanleg i ulike utformingar i ei rekkje religionar, filosofiske system og i folketru, og korresponderar ofte med reglar for korleis ein sjølv eller andre skal gå fram for å avbryte sjela si vandringa og gje ho fred ved å kunne nå sin endeleg tilstand eller sitt endelege tilhald i tilværet. Mellom anna er trua på reinkarnasjonen og korleis ein skal kome seg ut av denne sykliske tilstanden, sentral i verdsreligionane hinduismen og buddhismen. I desse religionane kan sjela, eller ei tilsvarande kraft, gå gjennom mange livsetappar av både lågare og høgare rang her på jorda før ho går opp i ei høgare eining og soleis får ro.

Sjå òg endre