Sjokade

Sjokade er eit mørkt norsk sjokoladepålegg. Det blei lansert i 1961 av Stabburet, og er dermed det eldste norske sjokoladepålegget. Sjokade er laga med kakao, kokosolje og karamellisert sukker. Det inneheld ikkje nøtter eller mjølk.[1]

Stabburet lagar framleis pålegget som del av Orkla Foods.

Nugatti er eit liknande, men lysare og nokre år yngre sjokoladepålegg.

Ein kan få Sjokade både i boksar og tuber.

Kakaoen i Nugatti er UTZ-sertifisert, det vil seia at produksjonen av han følgjer visse vilkår for menneske og miljø.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Sjokade», Orkla.no (på norsk bokmål), henta 22. august 2021 
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.