Kakao

frø av kakaotre

Kakao er eit næringsmiddel framstilt av frukta til kakaotreet (Theobroma cacao). Det kan seljast i pulverform, som ein ferdig drikk eller omforma til produkt som sjokolade, bakverk, sausar og anna.

Kakaofrukt og bønner.
Kakaopulver. Naturleg farge til høgre og «nederlandsk» behandla pulver til venstre.

Ordet «kakao» kjem frå tysk Kakao av fransk og spansk cacao[1] som er avleidd frå nahuatlordet cacahuatl.[2]

Produksjon

endre

Kakaotreet er ein tropisk plante som stammar frå Sør-Amerika.[3] Det er seinare blitt dyrka i andre delar av Amerika, Asia og Afrika. Dei største produksjonslands i 2004 var Elfenbeinskysten, Ghana, Indonesia, Nigeria, Brasil og Kamerun.[3]

Kakaopulver blir laga ved å mala kakaobønner og skilja ut kakaosmøret.[4][5]

 
Aztekisk kvinne lagar sjokoladedrikk med skum i. Illustrasjon frå Codex Tudela frå 1500-talet.

Drikken kakao eller varm sjokolade vert laga med kakaopulver og sukker blanda med mjølk eller vatn.[1]

Kakao er ein viktig del i ulike former for sjokolade, med større del kakao i mørk sjokolade og mindre i mjølkesjokolade.

Ingrediensen vert òg brukt i ulike typar bakverk, både i rører og til glasur, til dømes i mange former for sjokoladekake. Han er også viktig i mange typar iskrem.

Særleg i mesoamerikansk matlaging blir kakao brukt til å laga fleire ikkje-søte matrettar og drikkar, som sausen mole og drikken tejate.

Næringsstoff

endre

Kakao inneheld mykje antioksidantar i tillegg til alkaloida teobromin og koffein.

Det finst 1,4–2,5 % teobromin i embryoet og 0,3–1 % i skalet til bønna. Koffeininnhaldet er 0,1–0,8 %. Andre bestanddelar er feitt (kakaosmør) 40–56 %, stivelse 7–17 % og proteinar.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «kakao» i Nynorskordboka.
  2. Ann Bingham; Jeremy Roberts (2010). South and Meso-American Mythology A to Z. Infobase Publishing. s. 19. ISBN 978-1-4381-2958-7. 
  3. 3,0 3,1 3,2
    • «Kakao» (10. desember 2012). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. april 2015.
  4. Molly Stevens. «Sorting Out Chocolate» Arkivert 2008-04-21 ved Wayback Machine., Fine Cooking Article, taunton.com. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  5. «Cacao Vs. Cocoa: Updating Your Chocolate Vocabulary». Henta 12. november 2007.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.