Skötbåt er ein svensk bruksbåt som har vore brukt i fiske med garn, skøtar, etter strømming, sild i nordlege Austersjøen. Skötbåtar er tradisjonelt klinkbygde spisstemningar. Dei er heller avrunda, og kan ha eit eller to årepar, og sprisegl.

Skötbåt med gaffelsegl frå 1910 i Roslagens sjöfartsmuseum.

Nemninga skötbåt er kjend frå områda der strømming helst vert fiska, Södermanland og nordetter. Ein talar og om skötbåtar i Österbotten, på finsk side av Bottenhavet og Kvarken.

Ein variant av skötbåt er skötökor. Dei er plattgatt, har akterspegel, er meir solide og kan drage lenger ut.

Kjelder endre