Skøyen er eit strok vest i Oslo kommune, i bydel Ullern, der det tidlegare låg fleire industriverksemder. No dominerer bustads- og kontorblokker stroket; alle industriverksemdene er lagde ned eller er flytta vekk.

Motiv frå Skøyen
Kontorblokker på Sjølyst på Skøyen

Skøyen stasjonDrammensbanen ligg her, og Norges Varemesse hadde utstillingshallen sin her (på Sjølyst) før verksemda vart flytta til Lillestrøm og hallen fjerna. Halvøya Bygdøy er knytt til fastlandet ved Skøyen, og motorvegen Europaveg 18 skjer seg gjennom området, innebygd med tak og veggar på ei stutt strekning.

Namnet Skøyen skriv seg frå namnet på tidlegare gardar i området. Aust i Oslo ligg det òg gamle gardar med namnet Skøyen, så Skøyenåsen med Skøyenåsen T-banestasjon i bydel Østensjø har difor ikkje noko med dette stroket vest i byen å gjere.