Skaberakk

firkanta salteppe til hest

Eit skaberakk er ein type salteppe til hest. Det er firkanta, i motsetnad til ein voilock som er forma som salen. Skaberakk finst i alle moglege stofftyper og fargar, med ulike saumar og stopping. Dei finst til både sprang,-dressur og allroundsaler.

Eit kvitt skaberakk under ein engelsk sal
Ridder Walther von Metze på hest med heraldisk skaberakk, tidleg 1300-tal

Skaberakk var og namnet på det store salteppet, ofte med heraldisk motiv, som var brukt til ridderturneringar. På mange norske kongelege segl frå mellomalderen er kongen avbilda på hest med skaberakk.