Skaldatal (norrønt Skáldatal) er ei islandsk oversikt over norske og islandske skaldar frå dei tidlegaste tider fram til 1200-talet.

Skaldane kved for hæren til kong Olav. Illustrasjon til Soga om Olav den Heilage av Halfdan Egedius (1899).

Kjeldene til Skaldatal finst i desse to manuskripta:

Codex Upsaliensis (DG 11)[1] som er datert til tidleg på 1300-talet. På 1600-talet vart manuskriptet donert til Universitetet i Uppsala og det er òg ei av dei viktigaste kjeldene til Den yngre Edda og hovudmanuskriptet til Heimskringla.

Manuskriptet AM761 a 4to[2] som er datert til tida 1690-1700. Det høyrer til Den Arnamagnæanske Samlinga og er oppbevart på Island[3].

I Skaldatal er skaldane ført opp under kongane, jarlane og hovdingane som dei var knytt til, og oppstillinga er delt inn seksjonar:

skaldar hjå danske og svenske kongar
skaldar hjå norske kongar
skaldar som var hjå hovdingar, stormenn og jarlar (inkludert ladejarlane)

Ein reknar med at arbeidet med Skáldatal vart byrja på Snorre Sturlasson si tid, kanskje av Snorre sjølv. 148 ulike skaldar er nemnde i verket, men listene er likevel ikkje komplette då vi i dag kjenner til langt fleire norrøne skaldar (sjå t.d. oversikt i Skaldic Project[4]). På den andre sida inneheld Skáldatal namn på skaldar som ikkje er kjende frå andre kjelder. Mange av skaldedikta som truleg var grunnlaget for Skáldatal, er gått tapt.

Ei vetskapeleg utgåve av Skáldatal er publisert i bind 3 av Edda Snorra Sturlusonar, utgitt av det Arnamagnæanske Legatet i København i 1887.

Referansar endre

  1. Forkortinga DG viser til manuskriptsamlinga som var i eige av den svenske greven Magnus Gabriel De la Gardie
  2. Forkortinga AM viser til manuskriptsamlinga til den islandske filologen og historikaren Árni Magnússon
  3. AM761 a 4to frå handrit.no
  4. Skaldeoversikt Arkivert 2016-02-14 ved Wayback Machine. frå Skaldic Project (437 namn)

Bakgrunnsstoff endre

  • Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  • Skaldatal på dansk, frå heimskringla.no]
  • SKÁLDATAL v/Theodorus Möbius (1856), på latin/norrønt, frå Google Bøker