Skandinavisk Institut for Sammenlignende Vandalisme

Skandinavisk Institut for Sammenlignende Vandalisme er namnet på eit senter som den danske kunstnaren Asger Jorn ynskte å skipe i åra 1961-1963 for å presentere og gje høve til forsking i den nordiske kunsten frå tidlegaste førhistorisk tid fram til og med mellomalderen. Arbeidet skulle resultere i ein rikt illustrert bokserie i mange band, 10000 års nordisk folkekunst, som skulle redigerast kunstnerisk av Jorn sjølv når det galdt grafisk utforming og utvalet og plasseringa av fotografia (komposisjon), medan teksten til kvart band skulle skrivast av fagfolk som var ekspertar på dei emna som kvart av banda skulle femne om. For eigne pengar engasjerte Jorn den franske meisterfotografen Gérard Franceschi (1915-2001), ein av dei mest framståande spesialistane i verda på fotografering av kunstverk, og saman oppsøkte dei i åra 1963-1964 bygningar og musé over heile Norden for å fotografere dei objekta som var aktuelle for bokserien, og for å skape eit fotoarkiv som skulle verte fyrste steget i etableringa av senteret. Denne førebuande aktiviteten resulterte i 25 000 fotografi, som vart arkivert på Silkeborg Kunstmuseum.

Men av fleire årsaker vart ikkje planen realisert, og Jorn gav opp bokprosjektet i 1965. Då han døydde, hadde han berre fått valt ut og redigert fotografia til eit fåtal av banda. Dei banda som han hadde fått redigert meir eller mindre ferdig, er utgjevne langt seinare med tekst av forfattarar som vart engasjert av Silkeborg Kunstmuseum i samarbeid med Borgens Forlag i Valby i København:

  • Mennesker, guder og masker - i nordisk jernalderkunst, band 1 om nordisk jarnalderkunst; Tove Nyholm har samordna Asger Jorns to versjonar av biletredigeringa; norsk tekst: Bente Magnus; Copenhagen Valby 2005. ISBN 87-21-02600-9
  • Fuglen, dyret og mennesket - i nordisk jernalderkunst, band 2 om nordisk jarnalderkunst; Tove Nyholm har samordna Asger Jorns to versjonar av biletredigeringa; norsk tekst: Bente Magnus; Copenhagen Valby 2005. ISBN 87-21-02601-7
  • Samisk folkekunst, dansk tekst: Tinna Møbjerg og Jens Rosing; Copenhagen Valby 2005. ISBN 978-87-21-02512-0
  • Stavkirkene - og det norske middelaldersamfunnet, norsk tekst: Oddgeir Hoftun; Copenhagen Valby 2002. ISBN 87-21-01977-0
  • Folkekunst i Grønland gennem 1000 år, dansk tekst: Tinna Møbjerg og Jens Rosing; teikningar: Jens Rosing; foto: Gérard Franceschi, assistert av Ulrik Ross. Copenhagen Valby 2001. ISBN 87-21-01483-3
  • Nordens gyldne billeder fra ældre middelalder, dansk tekst: Poul Grinder-Hansen; Copenhagen Valby 1999. ISBN 87-21-00389-0
  • Skånes stenskulptur under 1100-talet, svensk tekst: Erik Cinthio; Copenhagen Valby 1995 [fyrste utgåve i lite opplag 1965]. ISBN 87-21-00098-0

Bakgrunnsstoff endre

Tekst av Asger Jorn om samanliknande vandalisme Arkivert 2016-10-13 ved Wayback Machine.


Sjå òg endre

Asger Jorn