Opna hovudmenyen

Skaun ungdomsskole ligg i kommunesenteret Børsa i Skaun kommune. Ungdomsskolen er felles for alle elevane i kommunen.

Det går rundt 250 elevar på skolen, fordelt på tre eller fire parallelle klassar på kvart trinn (varierer noko frå år til år).

Børsa samfunnshus blir bruka som gymsal av skolen. Det er plassmangel ved skolen, og han er sommaren 2005 derfor i ferd med å bli utbygd for å kunna romme det stadig voksande elevtalet. Det nye romarealet skal òg bli betre tilpassa nye pedagogikkformer.

Rektoren ved skolen heiter Jon Bogen.

Spire Denne Trøndelagartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.