Skeisdalen er ein dal i Gjemnes kommune på om lag fire kilometer. Landbruk er hovudnæring i bygda.

Skeisdalen, med Øre kyrkje ved fjorden og fjellet Dua lengst i sør.

Dalen går omtrent rett sørover frå Øre, som ligg ved Batnfjorden. Heilt nede ved fjorden ligg Øre kyrkje og Ørestua.

På Teigen finst eit bygdemuseum.

Lengst inne i dalen, i sør, ligg Larssetra, herfrå går ein gammal veg over fjellet til Heggem på Osmarka. Dalen endar i fjellet Dua (798 meter).

Dalen har ein førekomst av serpentinitt. Tidlegare var det gruvdrift og uttak av blokkstein, men verksemda er no nedlagt.